Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 

Fann ammunisjon ved barnehage

Del | |
RADØY: Ein kasse med ammunisjon vart funne like nedefor området til Sæbø barnehage for ei vekes tid sidan. Dette stammar frå eit tjuveri for lang tid tilbake.
Publisert 28.03.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Det var rektor Rolf Sandstad ved Sæbø skule som kom over dette under ei befaring utanfor skule- og barnehageområdet. Han kontakta så Radøy lensmannskontor.
? Dette stammar frå eit straffbart forhold langt tilbake i tid. Denne saka er oppklart, og dei skuldige er dømde for rundt eit år sidan. Men ammunisjonen har altså ikkje kome tilrette før no, seier lensmann Kjell Idar Vangberg.

Tenåringar
Dei dømde var i tenåra då tjuveriet vart gjort. Dei fekk litt ulike dommar. Ammunisjonen politiet no har teke hand om skal leverast tilbake til eigaren.
I følgje Vangberg er det ikkje snakk om militær ammunisjon, men vanlege skot. Han meiner og at dette ikkje har medført noko stor fare, så lenge det ikkje har vore våpen med i biletet. Han kan ikkje seia noko om kor lenge desse skota kan ha lege i nærleiken av skuleområdet.

Låg i kasse
Rolf Sandstad fortel at ammunisjonen låg i ein kasse og ein pose like nedanfor barnehagen. Det kunne kanskje sjå ut som om det har lege der ei stund.
? Vart du litt sjokkert over funnet?
? Ikkje akkurat det. Men det er klart at dette skal oppbevarast på forsvarleg måte, og slik det låg var det jo ikkje det. Eg tok det difor med meg og kontakta lensmannskontoret som seinare kom og henta det, seier Sandstad.
? Under visse forutsetningar kan det vera farleg dersom born får tak i ammunisjon og leikar med dette, seier Alf Øversveen, major i Forsvarets Logistikk Organisasjon, Ammunisjon.
Han fortel at det er mange born som har skadd seg etter leik med ammunisjon. Særleg var det mykje av dette i Finnmark like etter krigen, då det låg igjen svært mykje ammunisjon rundt omkring.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler