Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 

Fann dumpa bilar

Del | |
LINDÅS: Politiet fann fredag to dumpa bilar i Austfjorden ved Dyrdal. Dei meiner ein mann i trettiåra frå Nordhordland står bak.
Publisert 21.04.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Me fann og tok opp fem delar. Dei stammar frå to ulike bilar, seier politibetjent Christian Hilland.
Ein mann vart førre veke varetektsfengsla i to veker, mistenkt for bildumping. Politiet meiner han har motteke bilane frå eigarar som så har meld dei stolne. Mannen har så ribba dei for verdifulle delar og dumpa dei i sjøen. Fredag leita betjentar frå Lindås og Meland lensmannskontor i Austfjorden. Og med miniubåt fann dei i løpet av kort tid nokre store karosseridelar.
? Desse låg på mellom femti og hundre meters djup, seier Hilland.
Delane vert no sende til Biltilsynet, som skal prøva å finna ut kva bilar dei stammar frå. Politiet håpar at det let seg gjera å finna chassisnummera, men fryktar at desse kan vera fjerna.
Det er minst tretti meter loddrett ned frå vegen til staden bilane vart funne. Det er ikkje merker på støypekanten, bilane må såleis ha funne vegen utfor kanten på andre måtar enn ved å verta dytta. Christian Hilland seier at det neppe ligg fleire bilar i området der dei leita i dag. Men politiet utelukkar ikkje at det kan verta leita andre stader.
Mannen som er sikta for bildumpinga, vart pågripen tysdag i førre veke. Då beslagla politiet ein BMW dei trur mannen skulle demontera. Mannen har ikkje erkjent straffskuld.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler