Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 

Fann levande hoggorm 30. november

Del | |
RADØY: Marius (9) og Thomas Frotjold Valdersnes (11) møtte på ein lys levande hoggorm heime på tunet på Frotjold torsdag. Her viser Marius kor han fann hoggormen utanfor huset. Les heile artikkelen og sjå biletet som vart teke av «slangen» som dei to brørne fann.
Publisert 04.12.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Ormen kraup like ved trappa til huset der dei bur.
? Thomas held på å trakka på han, seier Marius, som skvatt skikkeleg til då han kom heim frå skulen i to-tida om ettermiddagen torsdag.

Rulla seg saman
Ormen kveste og rulla seg saman klar til å forsvara seg. Ein av gutane sprang inn til mora Grethe, som ikkje skjøna kva dei meinte når dei sa at det låg «ein slange» utanfor huset. Kven hadde vel tippa at det handla om ein hoggorm, når årstida seier vinter og datoen 30. november.
Det skal ha vore ein del orm i år, men familien Frotjold har berre sett ein einaste hoggorm i sommar. At dei då skulle få sjå ein til no på vinteren, er det ingen som hadde drøymt om ein gong.

To gongar
Berre to gongar tidlegare sidan 1953 er det meldt om orm så seint på året i Hordaland, fortel konservator Ingvar Byrkjedal ved Bergen Museum.
Den ormeobservasjonen som er registrert seinast på året ved Bergen Museum er frå  17. desember 1990 i Austrheim, fortel konservatoren. Det var også ein observasjon på Flesland i 1953 30. november.
? 8. november i 1983 vart det dessutan oppdaga ei hoggormho som var i ferd med å føda ungar. Den vart sett på Flyplassen på Flesland, seier Byrkjedal, som legg til at alle desse tilfella er veldig uvanlege.

I dvale
Hoggormen går stort sett i dvale mellom litt ut i september til midten av mars. Dei går i dvale når temperaturen kryp med mot åtte-ni varmegrader. På våren kjem dei først ut av bolet og byter skinn. Deretter startar paringa. Hoene går drektige til midt på sommaren, og i den tida verken et dei eller gjer noko særleg. Året etter at hoene har fått ungar, tek dei seg eit friår og parar seg ikkje. Dei får altså ungar annakvart år, fortel Byrkjedal. Hannane derimot er aktive og jaktar heile sommarhalvåret.
Byrkjedal meiner det kan vera fleire årsaker til at hoggormen på Brattetaule tok seg ut av bolet. Ormane rører gjerne litt på seg i løpet av vinteren, for å finna mest mogleg optimale forhold med omsyn til varme og fuktigheit. Konservatoren ser ikkje vekk frå at det kan ha kome vatn i bolet til denne ormen i det forferdelege regnveret den siste tida, og at han difor var på leit etter ein ny stad å leggja seg til for vinteren.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler