Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 

Fann sprøyter i vegkanten

Del | |
LINDÅS: Adrian Hilland (10), Ole Preben Øren (12) og Daniel Walde Berge (13), synest det er utruleg dårleg gjort å kasta brukte sprøyter langs skulevegen deira. Mor til Daniel, Nina Walde, ringde til politiet om saka laurdag, men følte at ho vart motteken på ein lite hyggeleg måte.
Publisert 20.02.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? For meg var det mest naturleg å ringja politiet då eg såg kva gutane hadde funne, men der fekk eg klar beskjed om at dei hadde viktigare ting å ta seg av, seier Nina Walde. Ho er mor til Daniel, og vart ganske lang i geipen over å få eit slikt arrogant svar.
? Same kor mykje politiet hadde å gjera, burde vedkomande eg snakka med forstått bekymringa mi og at det viktigaste for ei mor faktisk er borna. Og om det ikkje er politiet sin jobb å fjerna sprøyter, kunne han kanskje gitt meg eit tips om kven eg skulle kontakta eller korleis eg trygt kunne fjerna dei sjølv. Sjølv eg forstår at politiet har mykje å gjera, seier ho.

Dårleg gjort
Det var laurdag ettermiddag dei tre gutane fann sprøytene i grøfta langs gangvegen mellom Alversundbrua og avkjørsla til Hillandsfeltet. Først fann dei ei, men etter ei stund hadde dei lokalisert heile fire sprøyter. Heldigvis var det hette på sprøytene, men dei fann også ei hette utan å finna sprøyta.
? Det betyr at der kan liggja endå fleire sprøyter der, seier gutane. Dei synest det er utruleg dårleg gjort av folk å kasta sprøyter på denne måten.
? Tenk visst det hadde vore mindre ungar som fann dei, det er ikkje sikkert dei hadde forstått at dei ikkje skulle røra dei, seier Daniel. Slik sprøytene var slengde, synest mor til Daniel det ser som dei er kasta frå ein bil.

Fjerna dei sjølv
Sidan mora ikkje fekk nokon respons hjå politiet, visste ho ikkje anna råd enn å fjerna sprøytene sjølv.
? Det var ikkje noko kjekt, men i frykt for at andre mindre ungar skulle skada seg på dei, tok eg med meg gutane, lommelykt, hanskar, ei tang og ei flaske med kork og sette i gang, seier ho.
? Akkurat då var eg glad eg hadde handtert brukte sprøyter under legesekretærstudiet, elles er det ikkje sikkert eg hadde visst korleis eg skulle handtera dei på ein forsvarleg måte. Ein kan ikkje ta for gitt at folk veit det, seier ho.
No etterlyser ho ein eller annan instans som kan ta på seg ein jobb som dette.
? Det treng ikkje vera nokon som skal rykkja ut ta sjølve ryddinga, men nokon som kan fortelja folk korleis slike funn skal handterast. Det kan vera alt frå dei som går natteravnar til velforeininga i Hillandsfeltet. Poenget er at folk får hjelp slika at uskuldige små born ikkje vert skadelidande, seier ho.

? Forstår kritikken
Politiførstebetjent Terje Hilland ved Lindås og Meland lensmannskontor er ikkje stolt over behandlinga Nina Walde fekk då ho ringte politiet.
Hilland veit ikkje kven Walde har snakka med eller vart sett over til då ho ringte politiet laurdag. Men han trur ho kan ha hamna på operasjonssentralen i Bergen utan at det skal vera nokon unnskyldning.
? Me plar ikkje rykkja ut om folk ringjer oss om sprøytefunn same kor det er, men me burde spandert eitt minutt på å snakka med mora i ein situasjon som denne, seier han.
Når det er sagt, synest han Nina Walde har handtert sprøytefunnet svært fornuftig. Og til foreldre som måtte koma opp i liknande situasjonar veit han ikkje anna å seia enn at dei faktisk må ta ansvar sjølve.
? Gjer som Nina Walde, plukk sprøytene forsiktig opp med ei knipetang eller liknande og putt dei på ei flaske. Set kort på og lever flaska til politiet eller på apoteket. Med sunt bondevett går det heilt fint, seier Hilland.



Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler