Fann stolen postbil
MELAND: Postbilen som vart stolen i Meland i ettermiddag, vart funnen på Frekhaug litt før klokka 18. Tjuvane var då framleis på frifot.
Publisert 06.11.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Endret 20.08.07 10:49
Tre menn tvang til seg bilen frå ein postmann medan han delte ut post ved eit stativ ved Hestnes. Store politistyrkar frå Nordhordland og Hordaland politikammer var i går
ettermiddag på jakt etter dei tre mennene.
Bilen vart funnen litt før klokka 18 på Frekhaug. Postmannen, som var uskada, melde sjølv frå om tjuveriet, opplyser operasjonsleiar Asbjørn Andersen ved Hordaland Politidistrikt.
Orange regntøy
Andersen seier den eine mannen var kledd i orange regntøy. Utover det har dei lite opplysingar om gjerningsmennene. Han kunne då ikkje seia noko om kva tjuvane hadde stole, men dette vil koma fram i etterforskinga av saka.
? Det var store styrkar involvert i leiteaksjonen, også politifolk frå Hordaland Politidistrikt, seier operasjonsleiaren.
Det var altså stor aktivitet med politibilar på vegane etter tjuveriet, og desse leitte etter gjerningsmennene og den stolne postbilen. Politiet fekk melding om tjuveriet klokka 14.23.
Postbilen som vart stolen var ein Renault Kangoo merka med Posten sin logo.
Brev og pakkar
? Postmannen er uskada, men sjølvsagt prega av hendinga, seier informasjonssjef Edvin Rossen i Posten.
Han fortel at postmannen vert teken godt hand om av leiinga og av bedriftshelsetenesta.
Rossen har arbeidd i Posten i 12 år, og har berre ein gong tidlegare høyrd om tjuveri av ein postbil. Det skjedde ein stad på Austlandet. Men den gongen var det snakk om ein bil som stod parkert, ikkje at postbilen vart stolen frå ein postmann medan han delte ut post ved bilen. Rossen kjenner ikkje til om det var store verdiar i bilen, men seier at bilane til landpostbod i all hovudsak inneheld brev og pakkar.

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]