Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 

Fann verdas lengste løvetann

Del | |
LINDÅS: Bjørn Magne Hauge frå Kløve er oppteken av rekordar. Nyleg fann han verdas lengste løvetann.
Publisert 11.06.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
I Guinness rekordbok frå 2005, såg Bjørn Magne at rekorden frå 2003 ikkje var slått. Den rekorden var ein løvetann som var 100 cm lang, og vart funnen i Uppsala i Sverige av Ragnar Gille og Marcus Hamning. Bjørn Magne og kameraten Henrik Fanebust tenkte dei skulle slå denne rekorden, og har leitt og leitt etter ein løvetann som er lengre.

Lukkast før helga
? På veg opp til Fløyen her på Kløve fann eg mange lange løvetannar, blant anna ein på 108 cm og ein på 102 cm, fortel Bjørn Magne.  Begge var altså lengre enn den som står i Guinness rekordbok. Mamma Nina Hauge sjekka i går opp med Schibsted, som er forlaget for den norske utgåva av rekordboka, og fekk vita at det ikkje har kome inn meldingar om lengre løvetannar enn ein meter. Dermed ligg Bjørn Magne an til å koma i den profilerte rekordboka, dersom rekorden vert godkjend.

Nye rekordar
For å få godkjend rekorden må lengda på løvetannen stadfestast av minst to uhilda personar. Strilen kunne med eigne auge slå fast at lengda på den eine løvetannen var på 108 cm ? inga tvil om det. Og det til og med utan blome. For den løvetannen Bjørn Magne fann var heilt utblomstra og frøa var også vekke. Rektor Turid S. Tvedt ved Kløvheim skule skal også stadfesta dette, då ein av personane som skal stadfesta rekordar må vera politimeister, rektor eller liknande. Bjørn Magne er interessert i mykje og likar godt å vera ute i skog og mark, fortel mamma Nina. No ligg det altså an til at han koma i Guinness rekordbok. Og mykje tyder og på at Bjørn Magne og kameraten Henrik i tida framover vil leita i boka etter nye rekordar dei kan slå.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler