Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 

Fantastiske hekser gav Haugen nytt liv

Del | |
LINDÅS: ? Det er berre makelaust kva dei har fått til, seier teatersjef Arvid Ones og håpar på nye musikalar på Håkonshaugen. Han er ein av dei kring tusen som gav spontan applaus og rungande hurrarop etter premieren på Which Witch torsdag kveld.
Publisert 03.08.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49

−    Med regien til Leif Egil Vatnøy har Lindås fått ein ny teaterinstruktør.  Eg vart heilt tatt på senga. Det er berre heilt fantastisk kva dei har fått til og kva arbeid som er lagt ned, seier teatersjefen ved Hordaland Teater.
−    Arvid Ones, opphaveleg lindåsing, er nærmast ustoppeleg med supperlativ etter Which Witch i nynorsk versjon på Håkonshaugen torsdag kveld og natt til fredag.
−    ? Skulle eg ha noko å utsetja på, måtte det vera veret! seier Arvid Ones.

−    Uansett ver!
−   
Og veret var naturleg nok eit av dei store spenningsmomenta då mediafolk og andre la kursen mot Håkonshaugen torsdag kveld. Klokka 21.00 sette det inn med striregn. Var det ei bye som var over til premierestart ein time seinare?
−    Men gjorde det eigentleg noko? Folk som stega målbevist i retning Haugen hadde kledd seg for regn. Nokre med paraply. Vaktar peika og dirigerte. Bussar var på veg.
−    Køen vaks fort. Like over klokka ni opna bommen. Etter kvart kleddest skråninga og amfiet nærmast scena av kring 1000 menneske. Forventningane låg i lufta. Kanskje var det avdi mange let seg imponera at ei velkomponert scene?
−   
−    Humør
−    Ikkje berre ordførar Tove Linnea Brandvik og hennar gjest frå Bergen, Hermann Friele, smilte. Det gjorde andre ordførarar og mange, mange andre.
−    Ein kort og sakleg velkomst frå seimaren Birger Tomasgård fekk og smilet fram. For publikum fekk ? naturleg nok ? ikkje lov til å bruka paraply!
−    Musikken var i gang. Me kjende tonanene til Benedicte Adrian og Ingrid Bjørnov, første gong framført i Grieghallen for 20 år sidan.
−    Ein velkjend vestlendig, Bjørn Jensen, var blant dei første me kunne festa blikket på. Han har tru det eller ei aldri spelt i ein musikal før. Men humringa bakover benkeradene avslørte i løpet av sekund at han og dei andre aktørane hadde tatt grepet. Elisabeth Moberg var og blant dei som fort tog grepet på publikum med glimt i auga. Seinare kunne me smila av lokale Preben Hodneland som lettlurt fangevaktaren som let seg skjenka sanselaus.

Elskov og hekseri
−    Så inntok dei scena, gjesteaktørane med dei største rollene, Jorunn Torsheim som Maria Vittoria, Ståle Ytterli som biskop Daniel, Rein Alexander som Anton Fugger, Magne Fremmerlid som kardinalen.
−    Lokale Linda Fosse imponerte, naturleg nok ein av dei som nynorsken fall lett for.
−    Me vart tatt tilbake til dei grufulle åra då elskov og lyster kunne vera svært så risikabelt, til tider i Europa då hekser vart brent på bålet.
−   
−    Beste oppsetjinga
−    Publikum storkoste seg trass striregn under delar av framsyninga. Reaksjonane Strilen fanga opp blant publikum var eintydige: ? Ei fantastisk oppsetjing. Blant anna produsent Olav Kåre Vatnøy og broren Roald mottok mange gratulasjonar frå publikum frå veg ut etter at premieren var slutt om lag kl. 00.40.
Blant aktørane Strilen snakka med var Rein Alexander, som var tydeleg fornøgd med framsyninga. Det same var Ole A. Sørli, som har laga originalopsetjinga minus musikken. Hans dom var klar:
−    Dette er den beste oppsetjinga av Which Witch etter London. Og det fungerte svært så god med nynorsk. Her er det lagt ned ein kjempeinnsats frå lokalt hald. Og publikum er kanskje ikkje heilt klar over kva prestasjonar dei har fått med seg, sa Sørli.
−   
Må koma meir
−    Håkonshaugen er ein utruleg god arena for slike oppsetjingar. Så eg håpar berre politikarane i regionen ser si besøkelsestid og medverkar til at det kjem nye oppsetjingar, seier teatersjef Arvid Ones.
−    Ones seier at Hordaland Teater bidrog med hjelp, men berre i liten grad. Han håpar teateret i større grad kan hjelpa til seinare.
−    Sjå også eiga sak med Strilen si anmelding v/Livar Aksnes.



Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler