Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 

Får aldri att førarkortet

Del | |
Ein ung mann må klara seg utan førarkort resten av livet etter å ha køyrt i fylla for tredje gong.
Publisert 22.06.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Mannen, som er i tjueåra, får dermed aldri lov til å sjølv køyra bil eller motorsykkel att. Han vart tatt for å køyra motorsykkel i rusa tilstand i fjor haust. Etter ein lang køyretur kom han til Isdalstø. Der køyrde han nærast midt i vegbana.
Då han skulle manøvrera unna ein møtande bil, kvelva han. Motorsykkelen fekk mindre skader, medan mannen var uskadd. Politiet henta mannen for å ta blodprøve. Denne prøven viste at han hadde både hasj, amfetamin og beroligande tablettar innabords.
Mannen hevdar sjølv at han ikkje var rusa då han køyrde, men dette trudde ikkje retten på. Retten la til grunn at stoffa i blodet tilsvarte ein alkoholpromille på cirka 1,0. Dette skal i utgangspunktet gje bot og fengsel på vilkår. Men mannen er to gonger tidlegare straffa for å ha køyrd i rusa tilstand. Han er dessutan dømt tre gonger tidlegare for å ha køyrd utan førarkort.
Han hadde heller ikkje førarkort då han kvelva med motorsykkelen i Isdalstø. Difor dømte retten han til fengsel utan vilkår i 21 dagar. Han må dessutan betala 7000 kroner i bot, og får altså aldri førarkort att.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler