Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 

Får gå 1. klasse i Alversund

Del | |
LINDÅS: 1. klassingar frå Ikenberget får gå i Alversund til hausten. Dette er klart etter eit møte mellom FAU i Alversund, Lindås-ordførar Tove Linnea Brandvik og rådgjevar Ivar Nordland.
Publisert 23.12.05 00:00
Endret 20.08.07 10:49

Rektor ved Alversund skule sende i førre veke ut eit brev til foreldre til elvar som skal byrja i 1. klasse, og som bur i området mellom Alvermarka og Isdalstø. I brevet stod det at ein vurderer om desse elevane skal byrja på skule i Knarvik framfor på Alversund. Dette reagerte foreldra sterkt på, særleg dei som alt har eldre elevar på skulen i Alversund.

 

Får gå i Alversund

? Eg seier meg lei for at de føler dykk urolege. Av og til tenkjer ein høgt, og det skjedde denne gongen. Når elevtalet i 1. klasse no ser ut til å passera 60, har me plikt til å greia ut kva me skal gjera. Me hadde tenkt å ta ein samtale med foreldra om dette, men den informasjonen som gjekk ut til foreldra kom altfor tidleg, sa Nordland.

Han vil likevel ikkje klandra rektor Birger Tomasgard som skreiv brevet til foreldra for dette.

? Tanken om at desse 1. klassingane skal flyttast til Knarvik barneskule er i ferd med å verta gravlagd. Eg seier meg lei for at de vart uroa unødvendig. Å splitta familiar på to ulike barneskular vi sitja langt inne i Lindås kommune, sa Nordland.

 

Kan velja skule

Nordland seier og at elevar som høyrer til i den gamle skulekrinsen i Alversund, altså alle som bur nord/vest for Isdalkrysset har rett til å gå på Alversund skule.

Men ut frå nærleiksprinsippet har alle som ønskjer det rett til å gå på den skulen som ligg nærast i avstand. I praksis kan altså dei elevane som bur i gamle Alversund skulkekrins, men som har bustad nærare Knarvik barneskule enn Alversund skule, velja fritt kva skule dei vil gå på.

 

Ei rask utgreiing

Eit hurtigarbeidande utval samansett av fem politikarar, skal ha klar ei framtidig løysing for skulestrukturen i søre delen av Lindås seinast 1. april, fortalde ordførar Tove Linnea Brandvik. Representantar frå FAU ved  Alversund skule og Knarvik barneskule har møte- og uttalerett i utvalet.

? Me vil ikkje laga til mellombelse ordningar før me har fått avgjort kva dei langsiktige løysingane vert, sa Brandvik.

Når utvalet har klar si innstilling, vil dette verta teke opp i kommunestyret, og deretter vil dei setja i verk dei mellombelse tiltaka som er nødvendig for å få plass til elevane til hausten. Deretter skal ein i gang med dei langsikte løysingane når det gjeld skulestruktur og bygningar, fortalde ordføraren. Ho meiner det er feil å starta opp med mellombelse ordningar, før ein veit kva løysing ein går for i framtida. Det kunne i så fall ha ført til at elevar må flyttast fleire gongar. Ståle Hauge i FAU lurte på om ein risikerer at dei ni millionar kronene som er budsjettert til pålagt utbetring av ventilasjonsanlegget ved Alversund skule, kan gå til mellombelse ordningar ved skulen. Dette avkrefta ordføraren.

 

I Knarvik

Blant dei aktuelle langsiktige løysingane er å flytta ungdomstrinnet frå Alversund til Knarvik. Det vil frigjera plass på Alver-sund, samstundes som mange foreldre er positive til at ungdomsskuleelevar frå Alversund skal gå i Knarvik. På møtet onsdag var det liten oppslutnad om å byggja ut, slik at ein får ein kjempestor skule med 1. ? 10. klasse i Alversund. Å flytta elevar til Knarvik, der miljøet er meir byprega enn i Alversund, er det nok og nokon som er skeptiske til. Men dette kjem an på korleis ein stor ungdomsskule vert driven og kvar han skal liggja. Desse spørsmåla er blant dei utvalet skal meina noko om. Dei skal altså koma med framlegg til ei løysing for framtidig skulestruktur i søre delen av Lindås innan 1. april.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler