Får kjøpa Lyseknappen
Endret 20.08.07 10:49
? Me ser for oss at me vil byggja nytt hus i Lyseknappen. To års fritak for buplikta er i knappaste laget, men det skal ikkje verta noko stort problem, uttalte Tjore til Strilen etter at kommunen i går gav grønt lys for kjøpet.
Ut over det fann Tjore det for tidleg å gje signal om korleis eigedomen skal brukast. Men han peikar på at småbruket ikkje er særleg godt eigna for moderne landbruk.
Kjøparane er i dag busette i Knarvik. Jostein Tjore eig også nabobruket til Lyseknappen, der han driv med sauer.
Klarsignalet for å kjøpa Lyseknappen kom frå hovudutvalet for plan, landbruk og miljø. Der var det full semje om å gje Jostein og Ranveig Espenes Tjore konsesjon. Einaste endringa frå rådmannen sitt framlegg er at buplikta berre vart utsett i to år. Dette var det klart fleirtal for med seks røyster, etter framlegg frå Bjørg Skarbø (Sp).
Berre Audun Sylta (H) støtta rådmannen i å gje tre års fritak.
Høg kjøpesum
Det meste av debatten stod om kjøpesummen. På grunn av stor interesse for eigedommen, kom den opp i 3,4 millionar kroner. Dette er 1,8 millionar over jordbrukstaksten.
? Eg er heilt samd med rådmannen. Kommunen må ikkje blanda seg inn etter at ein interessert kjøpar har kome med eit bod, meinte Lena Bø Nilsen (Frp). Ho fekk støtte for dette synet frå Audun Sylta.
Heller ikkje utvalsleiar Jan Tore Hvidsten (V) ville nekta konsesjon. Han meinte det kunne gje ein kunstig pris som kan påverka eit eventuelt seinare sal av eigedommen.
Nei i Bergen
For Bjørg Skarbø var saka vanskelegare.
? Det er vanskeleg når ein kjem opp i slike summar. Prisane på slike eigedommar i bynære strok har auka. Seljarane kan uansett få det dei vil ha, men kanskje med ein lågare pris på papiret, sa Skarbø.
På direkte spørsmål frå Sylta, sa Skarbø at ein kan risikera at ein del av kjøpesummen i enkelte tilfelle vert betalt «under bordet».
Skarbø var også oppteken av at prisnivået kan hindra yngre folk i å etablera seg og satsa på denne typen eigedommar.
? Når yngre byr mot vaksne folk, vil dei alltid tapa! repliserte Lena Bø Nilsen. Ho meinte at det ikkje vedkjem saka at Bergen kommune hadde sagt nei i ei sak som dette. Denne opplysninga kom frå jordbrukssjef Øyvind Thømt, som hadde rådd frå å gje konsesjon.
Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]







