Får kritikk for brannvern
Endret 20.08.07 10:48
Det er eit fersk branntilsyn som avdekkar punkt etter punkt med
brannvern-manglar ved rådhuset på Frekhaug. For tilbygget vart det rett og slett
ikkje lagt fram nokon som helst dokumentasjon. Ved toppen av eit trapperom er
det røykventilasjon. Her skal det føreliggja serviceavtale, men kommunen sine
folk kunne ikkje leggja fram verken slik avtale eller logg for service på
brannalarmanlegget.
Siste øving i 2000
Det er heller ikkje gjennomført brannøving
og opplæring internt på bygget dei siste åra. Siste større øving var med
røykvogn i 2000.
«Dersom det ikkje vert laga plan for øving og opplæring, og
slik øving og opplæring vert gjennomført snarast, må brannsjefen vurdera pålegg
for å få dette gjennomført, er dei klare orda i rappporten frå kontrollør Kjell
Reigstad.
? Ikkje veldig alvorleg
Me ser ikkje på dette som
veldig alvorleg, men det er litt alvorleg at dei ikkje har hatt brannøving på
fem år, seier Reigstad til Strilen.
Han seier vidare at det ikkje er uvanleg
at dei finn såpass mange manglar ved offentlege bygg. Men samstundes er det
ekstra viktig at brannvernet er på plass ved rådhus, då det i tillegg til
sikring av folk gjeld sikring av store verdiar ? til dømes arkiv og
liknande.
Ei av årsakene til at det har vore ein del å påpeika i kontrollen,
er og at det har kome nye reglar.
Det er litt opp til kvar bedrift om kor
ofte dei bør gjennomføra brannøvingar. Reigstad meiner likevel ein i alle fall
bør ha ei enkel brannøving minst ein gong i året.
Blant anna er det viktig at
folk kjenner til kvar det finst sløkkingsutstyr og kvar rømmingsvegane
er.
Fleire manglar
Ved konrollen i Meland kunne kommunen heller
ikkje leggja fram ferdigattest og bruksløyve for den nye delen av
rådhuset.
Ferdigattest og bruksløyve vert huseigaren beden om å få på plass
snarast.
Og ikkje nok med det: Det manglar også brannvernteikning og
brannverndokumentasjon for nybygget. System for utføring av kontroll, ettersyn
og vedlikehald er ikkje tilfredstillande.
Brannvernet ber om snarleg
oppretting av serviceavtalar og forlangar kopi av desse.
Også når det gjeld
Helse, Miljø, Sikkerhet (HMS) og internkontroll, vert det påvist feil. Blant
anna manglar dei ei systematisk overvaking av brannvernarbeidet for å sikra at
dette fungerer.
Lista etter kontrollen inneheld heile åtte
avvik.
Lovar betring
Strilen tok kontakt med assisterande
rådmann Kari Johanne Iversen, då rådmann og teknisk sjef/brannsjef er på ferie.
Iversen har ikkje vore direkte involvert i saka, men seier dei er i gang med å
følgja opp det som er påpeika etter branntilsynet.
? Synst du det er pinleg å
få så mange avvik?
? Nei, men der er ein del ting me skal ordna opp i, lovar
Iversen. Ho seier og at dei har hatt ei øving på sløkkjing i vår for fem
medarbeidarar som ikkje deltok i 2000. Men dei har ikkje øvd på rømming av
bygget dei siste åra, noko dei vil ta tak i.
Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]







