Fedje-bølgjer skal laga kraft
FEDJE: Eit gründarselskap vil bruka farvatnet ved Hellisøy fyr til å utvikla bølgjekraft. Selskapet lokkar med at bølgjekraft i framtida kan verta like viktig for Fedje som vasskraft er for Modalen.
Publisert 09.04.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Endret 20.08.07 10:49
Det Straumekraft ønskjer, er å laga og leggja ut ein større prototype enn den som er utprøvd i Hjeltefjorden.
? Eg ser han skriv Hellisøy feil! Men frå kommunen si side er me interessert i å vurdera dette. Min første reaksjon er nyskjerrigheit, seier ordførar Erling Walderhaug.
Etter å ha hatt telefonsamtalar med Straumekraft AS, har kommunen no fått brev der selskapet ber om å få etablera seg på Fedje.
Selskapet er i ein gründarfase og har små økonomiske ressursar å flotta seg med. Det er så langt ingen tilsette, og budsjettet for 2007 er på om lag 600.000 kroner, opplyser Ingvald Straume på vegner av selskapet.
Sørspissen
Fedje ligg mot ope hav og har mykje bølgjer, er Straumekraft si korte forklaring på kvifor ein vil testa ut ein ny prototype her.
? Me har hatt nyttige erfaringar frå Hjeltefjorden og vil vidareføra dei på Fedje. Prototypen som vert plassert der, må forsterkast for å tola meir ekstremt ver, seier Straume.
Han framhevar Hellisøy som ein lett tilkomeleg stad. Prototypen skal etter planen installerast heilt på sørspissen av øya. Den omfattar ein kasse av metall på land, om lag 60 centimeter høg og med ei grunnflate på opp mot to rutemeter. Derfrå går det ein forankringswire ut i sjøen, forbunde med ein flytar 20-30 meter frå land. Flytaren har eit volum på om lag 1,6 kubikkmeter.
Som Askeladden
Tidlegare feilslåtte prosjekt, blant anna i Øygarden, har gjeve bølgjekraft eit dårleg rykte og difor ingen kø av ivrige investorar. Difor treng Straumekraft, som Askeladden, gode hjelparar i startfasen.
I brevet til Fedje kommune vert det ytra ønskje om eit tilskot til prosjektet, rimeleg overnatting og praktisk hjelp. Selskapet vil stilla med ein prosjektansvarleg, men ved montering ut over året trengst det også nokre ekstra hender.
Tidsplan
Selskapet treng også godkjenning frå både Kystverket som eigar av Hellisøy og frå kommunen etter Plan- og bygningslova
Bergen og Omland Hamnevesen er positive, men har gjort det klart at utplassering ikkje kan skje før etter Server-oppryddinga. Akterenden av skipet ligg berre nokre hundre meter frå staden der Straumekraft vil plassera prototypen. Den skal etter planen byggjast i Bergen i løpet av våren.
Utplassering på Fedje skal skje i juli og i september for det som skal plasserast i sjøen.
Så er planen at prototypen står i sjøen over vinteren for å visa at teknologien kan overleva vinterstormane på Fedje.
«Dernest håpar me at røynslene med drift gjennom denne første vintersesongen skal visa at anleggstypen kan bli kommersielt lønnsam. Lukkast vi med dette, vil vi lettare få større investorar til å interessera seg for Straumekraft i neste omgang», heiter det i brevet til Fedje kommune.

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]