Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 

Fedje-ferja ute or drift, Jondal inn frå fredag ettermiddag

Del | |
FEDJE: HSD-ferja Fedjefjord (biletet) er ute or drift etter ei grunnstøyting torsdag ettermiddag. Inntil vidare er det sett inn skyssbåt som går i ferja sine rutetider, men som naturleg nok berre kan ta passasjerar. Ferja Jondal kan truleg gå inn i rute på Sævrøy-Fedje frå om lag kl. 15.30.
Publisert 06.07.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Første turen skal gå frå Fedje. Det er der det har hopa seg opp ein del bilar som ventar på å koma over. Siste meldinga er at Jondal skal vera på plass ved 15.30-tida, opplyser trafikkansvarleg Lars Juvik i HSD til Strilen ved 13.30-tida fredag.
Etter det Strilen får opplyst, var det ingen dramatikk knytt til grunnstøytinga, som skjedde i hovudhamna like ved ferjekaien ved 17.00-tida torsdag ettermiddag.
? Den informasjonen eg har motteke, seier at mannskapet misste krafta på propellen. Det førte i sin tur til ein mindre grunnberøring. Så langt er det ikkje funne nokon alvorleg skade, men dykkar skal vera rekvirert, opplyser informasjonssjef Arild Sondre Sekse i HSD til Strilen ved 20.30-tida.
Sekse seier vidare at uhellet rutinemessig er rapportert inn til Sjøfartsdirektoratet.
? Selskapet beklagar sjølvsagt dei ulemper dette fører til for passasjerane. Det eg kan seia no, er me må undersøkja nærare kva som årsaka uhellet før ferja vert sett innatt i rute. Dette kan difor tidlegast skje i løpet av fredag, seier Sekse torsdag kveld.
Fredag føremiddag er ferja Jondal på veg frå Bjørnefjorden for å avhjelpa ferjemangelen i sambandet Sævrøy-Fedje. Jondal vert tatt ut or sambandet Halhjem-Våge, opplyser assisterande direktør Bent Martini i HSD Sjø.
Martini seier at det er dataproblem som må utbetrast på Fedjefjord. Etter planen vil ferja gå til Steinestø og fagfolk frå Bergen skal omnbord for å prøva å finna feilen.
? Fedjefjord hadde ei mindre grunnberøring midtskips. Etter reglane må dykkar ned og sjekka. Det er gjort, utan at det ert påvist skadar, seier Martini.
HSD har fredag omdirigert Jondal frå sambandet Halhjem-Våge.
Jondal har kapasitet til å ta 35 bilar, litt mindre enn Fedjefjord som tek 42 bilar.
? Fedjefjord ligg no i Sævrøy, og me er i gang med finna ut av dei tekniske problema. Jondal vil gå i ruta så lenge som nødvendig, seier Lars Juvik i HSD. han ser ikkje bort frå at det kan ta eit par dagar før Fedjefjord er tilbake att i rute.




Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler