Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 
Fedje utan straum i 17 timar

Fedje utan straum i 17 timar

Del | |

På Fedje gjekk lyset 1. juledag rundt midnatt og kom ikkje att før 2. juledag i 17-tida. Klokka 22 forsvann det igjen.

Publisert 28.12.11 10:48
Endret 28.12.11 10:47

Ifølgje BKK sine straumutkoplingssider på internett, skal ei defekt mast vera skuld i straumstansen.

Dei som bur på austsida, på Rognsvåg, vart hardast råka.

– Det stemmer nok det, det var berre nokre timar andre juledag at alle mista straumen, elles var det oss det gjekk hardast ut over, seier Trond Ågotnes.

Han driv Pernillekafeen på øya, men hadde heldigvis julestengt.

– Me har aggregat på fryseboksane, så dei hadde klart seg. Men å driva kafé ville vore litt vanskeleg, ja, seier han.

 
Kaffi og julekaker
Ellinor Rognsvåg i Rognsvågen fortel at dei er vane med å vera utan straum i periodar om vinteren.

Difor klarte dei seg fint denne gongen også, sjølv om straumstansen varte litt ekstra lenge.

– Me fyrer godt i omnen, kokar oss kaffi og kosar oss med julekaker, ler ho.

– Det nyttar i alle fall ikkje å kava seg opp.

Det er sikkert ikkje enkelt for BKK å få folk til å ordna skadane midt i jula, så det er berre å leggja godsida til, for dei gjer nok så godt dei kan, legg ho til.

 
Gjekk bra for Gulen-bøndene
Også somme stader i Gulen var dei utan straum i periodar, men mjølkebøndene Strilen snakka med, kom lett frå det denne gongen.

Sør på Sande var dei berre nokre få timar utan straum, og takk for det, seier bonde Bjarte Nordanger som driv Sande Gardsmat på Sandøy i Gulen.

Med 7500 høns og rundt 25 mjølkekyr har dei sjølvsagt sikra seg med aggregat, men det er ikkje nok til å driva alt på ein gong.

– Hønene kunne for eksempel ikkje fått vatn og lys samtidig.

Det kunne ikkje kyrne heller, så det hadde blitt ein del pø.

Eg er glad me slapp billig unna denne gongen, seier han.

 
Deler på aggregata
Også nord på Ånneland, hjå mjølkebonden Bård Lid var dei heldige denne gongen.

Der blinka straumen ein del før han forsvann «for godt» andre juledag klokka 06.55 og kom att klokka 11.18.

– Eg plar ikkje mjølka så tidleg om morgonen, så for meg gjekk det heilt fint, seier han.

Han fortel at dei på Sande får straum frå Mongstad, slik at dei sjeldan mister straumen samtidig.

Difor samarbeider dei med straumaggregat.

– Hadde me fått straum frå same staden, måtte me nok hatt kvart sitt, seier Lid.

Vinden tok mange tre
Kraftig vind 1. juledag førte til at tre blas overende og hamna i bilvegen både her og der i Nordhordland og Gulen.

Politiet sin operasjonssentral i Hordaland fekk inn svært mange meldingar om velta tre og andre småskadar i uveret.

I vårt distrikt fekk politiet mellom anna melding om at fleire tre hadde ramla over vegen mellom Brekke og Rutledal.

Den meldinga vart registrert klokka 19.26.

Nokre timar seinare vart det også meld om tre over vegen på Sletta på Radøy, og på FV 57 ved Hundvin.

Også på Lindås og på Frekhaug blas Dagmar fleire tre over ende og gjord folk straumlause i nokre timar.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt