Feiar piper i fire kommunar
Endret 20.08.07 10:49
? Eg har vorte veldig godt motteken både på Mjømna og i Modalen, der er starta jobben min, seier Torbjørn Jenset (53) til Strilen.
For 14 dagar sidan kom Jenset flyttande frå Molde med kona si. Dei busette seg i rorbu på Mjømna, og no er han i full sving med å sjå til at skorsteinar og anna som har med fyringa å gjera, er i forskrittsmessig stand.
? Etter kvart som folk får seg skikkelege omnar, er det ikkje så mykje sot i pipene som før. No går like mykje av arbeidet mitt ut på å driva førebyggjande brannvern rundt i heimane, seier Jenset.
Gått saman
Kommunane har til dels hatt problem med å skaffa seg feiarar, og i år vart kommunane Solund, Gulen, Masfjorden og Modalen samde om å slå feiartenesta saman og tilsetja ein feiar på fellesen. Utgiftene vert fordelte på kommunane etter folketal.
Midt i oktober begynte Torbjørn Jenset i den utlyste jobben. Han har fagbrev som feiar og har jobba i det yrket dei siste seks åra, men før det var han tømrar.
Båtentusiast
? I Molde og omegn fekk eg berre vikariat og deltidsjobbar, så då eg såg denne jobben utlyst, søkte eg, fortel Jenset.
Han er ivrig båtentusiast og har ein seglbåt på 28 fot. Difor er rorbu på Mjømna midt i blinken.
Kona er hjelpepleiar og har fått seg jobb på sjukeheimen i Eivindvik. Borna er vaksne og bur rundt i landet.
Prata med folk
Ein feiar er ikkje berre oppe på taka hos folk for å feia pipene. Han møter mykje folk gjennom jobben, og det trivst Jenset godt med.
? Eg likar å prata med folk, seier han.
I førre veke deltok han også på eit kurs i rehabilitering av gamle piper i Knarvik i regi av Lindås og Meland brannvern.
No er det husa i Solund som står for tur, før husstandane i Gulen og Masfjorden får besøk.
Kommunane har leasa ein varebil som feiaren nyttar i tenesta.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Mobilbruk lagar misnøye
På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.
Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




