Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 
Feira med kundane

Feira med kundane

Del | |

Kiwi Ikenberget er for tredje gong kåra til «Best i vest» i kjeden, og feira laurdag med kake til kundane.

Publisert 04.10.11 12:51
Endret 04.10.11 12:51

– Det hadde ikkje gått utan gode tilsette, seier butikksjef Leif Gunnar Sagstad.

Laurdag føremiddag fekk han og andre medarbeidarar det ekstra travelt. Då spanderte dei kake, bollar, kaffi, saft og is på kundane i kroken ved inngangen.
Der vart det etter kvart folksamt då Kiwi-butikken på Ikenberget markerte at dei har vorte «Best i vest» i kjeden – for tredje gong.

Tittelen har dei vunne i konkurranse med 45 butikkar i region vest, som omfattar Hordaland og Sogn og Fjordane.

Andre på rad
– Dette er andre året på rad me får den tittelen. Kåringa skjedde under ei markering i London i september, seier Sagstad.
– Og ikkje berre ut frå god omsetning?
– Nei, det er 70-80 punkt på lista me vert kontrollert på. To gonger for året får me uanmelde besøk, og så vert den endelege avgjerda tatt av ein jury i Drammen. Dei la vekt blant anna på at me har ein rein og ryddig butikk, seier Sagstad.

Butikken på Ikenberget har og svært gode attestar frå kundane å visa til.

– I ei nettundersøking no i år vart me nummer to i heile landet. Der har kundane svart på ni spørsmål, seier butikksjefen.
Det Sagstad oppfattar at dei handlande er spesielt godt nøgde med, er ein ryddig butikk med blid og serviceinnstillt betjening.

Ein av dei faste kundane som nytta sjansen til å få seg ein kakebit, var Hogne Askeland frå Radøy.
– For mange sør på Radøy har dette vorte nærbutikken. Me har handla her fast sidan butikken opna. Men hadde me ikkje vore nøgde, ville me naturleg nok funne ein annan butikk, seier Askeland.

Auke også i år
Dei som driv butikken kan og lesa ut frå omsetninga at Ikenberget har vorte ein populær plass å handla.

– Me har heile tida hatt auke i omsetninga. Etter at Safari kom i Knarvik og Spar opna ny butikk i Isdalstø, budsjetterte me med ein liten nedgang no i 2011. Men så langt har me ein auke på 5 prosent, opplyser Sagstad.

Dei tilsette har og fått nyta godt av at matbutikken gjer det godt.

– Me har samla opp premie-pengane, og det var nok til at me i april kunne spandera ei langhelg i Paris på alle fast tilsette, seier Leif Gunnar Sagstad.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt