Fekk kamtannhai i garnet
Endret 20.08.07 10:49
Haien vart fanga i eit breiflabbgarn i Sognefjorden mellom Tungodden og Hille av fiskar Ove Unneland.
Sprell levande
? Han var sprell levande, og me lurte jo på kva dette var for ein haitype, fortel Unneland.
Men dei drivne fiskarane er vande med litt av kvart, så dei hadde ikkje noko problem med å få blogga fisken og få han ombord i den 34 fot store sjarken. Dei leverte han så til Leif Bognøy på mottaket i Mastrevik. Han slo opp i ei bok, og fann ut at det var ein kamtannhai.
? Det gjekk heilt greitt. Me har jo fått kveiter på opp til 140 kg, og dei er verre å hanskast med, seier Unneland.
Fiskaren har fått hai to gongar tidlegare, ein av dei var ein gråhai.
Spennande
? Det er alltid spennande å få inn slike fiskar. Eg sjølv har fått gråhai tidlegare, seier Leif Bognøy.
I Strilen torsdag sa Bognøy at fiskarar opplever å få nye fiskesortar på grunn av at vatnet vert varmare. Første gongen han fekk ein St Petersfisk for rundt 15 år sidan, var det oppsiktsvekkande. I dag kan han få fleire slike om dagen. Eit anna døme er at brennmanetane brukar å forsvinna i oktober. No i januar er dei der framleis, og svir like mykje dersom ein kjem i kontakt med dei.
Middelhavet
? Kamtannhaien finst det ein del av i Middelhavet, men er heller ikkje heilt uvanleg i Nordsjøbassenget, seier førsteamanuensis Ingvar Byrkjedal ved Bergen Museum. Haien likar seg litt nord og sør for ekvator, men er ikkje ein tropefisk.
Av ein eller annan grunn kjem haien i liten grad inn til
kysten i Noreg. På Vestlandet og i Trøndelag er det vel til saman fiska 3 ? 4
slike haiar, fortel Byrkjedal.
Fakta om kamtannhai:
Lever: På begge sider av ekvator, men det er ikkje nokon tropisk art. Haien er ganske vanleg i middelhavet. Han held seg på djupt vatn om dagen, men kjem opp til overflata for å eta om natta.
Et: Eit breitt spekter av marine organismar. Hovudføda er fisk, men han et og krabbe, reker m.v..
Storleik: Vert stort sett opp mot fem meter lang. Men den største som er fanga var nesten 8 meter lang.
Bruk: Hai er generelt litt problematisk som matfisk, då dei skil ut ammoniakk i kjøtet. Men hai vert brukt til mat og olje enkelte stader i verda, og nokre haiar er gode matfiskar.
Ungar: Kamtannhaien føder levande ungar. Desse kan vera 50 cm lange, og haien kan få opp til 50 ungar i kullet.
Namn: Kamtannhai (Hexanchus griseus)
Det er ikkje kjent at kamtannhaien har gått til åtak på menneske.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Mobilbruk lagar misnøye
På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.
Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




