Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Fekk pris for bok om skarpe tenner

Del | |
MASFJORDEN: Forfattaren Erna Osland frå Matre fekk i dag Kultur- og kyrkjedepartementet sin fagbokpris for boka «Skarpe tenner». Teiknar Marvin Halleraker fekk pris for illustrasjonane han har laga til boka. (Arkivfoto: Per Kristian Eilertsen)
Publisert 17.03.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Det er sjølvsagt ei fjør i hatten å få denne prisen, og det som gjer det ekstra kjekt, er at det truleg fører til at boka får fleire lesarar: Eg trur det er ein pris som vert lagd merke til, særleg i skuleverket, seier Erna Osland til Strilen før ho tek turen til Oslo for å motta prisen.
Denne og fleire andre prisar for barne og ungdomslitteratur utgjeven i 2005 vart delte ut i Nasjonalbiblioteket i Oslo under ein seremoni fredag. Kulturminister Trond Giske stod sjølv for utdelinga.
I tillegg til heideren får Osland 45.000 kroner.

Spennande
? Eg tykkjer tenner er så fascinerande, og så er dei så ulike frå skapning til skapning, seier Osland, som også tidlegare har skrive fagbok for born, då om hår.
«Skarpe tenner» handlar om tennene til både dyr, fiskar og krypdyr og korleis dei er tilpassa levesettet til dyra.
? Visste du at paddene ikkje kan tyggja, men må sluka det dei et, heilt, eller at kjeven til krokodillene ikkje går opp og ned som vår? spør Osland.
Dette er ting du kan få greie på ved å lesa boka hennar.
Boka inneheld ikkje berre tekst, men illustrasjonar og. Dei er laga av Marvin Halleraker, som er avisteiknar i Bergens Tidende. Han får også pris for teikningane sine.
? Teikningane hans er så flotte. Dei går ikkje ut på å visa tennene nett slik dei er, men funksjonen dei har. Du skulle sjå haikjeften han har teikna. Den er skremmande, kulsar Osland.

For vaksne og
Om boka er laga for born, kanskje mest på mellomsteget, kan boka også fint lesast av vaksne, meiner Osland.
? Kanskje kan born og vaksne lesa henne saman, meiner ho.
Ho trur også vaksne vil finna opplysingar i boka som dei ikkje visste frå før.
? Og så er boka på nynorsk. Det finst ikkje mange fagbøker for born på nynorsk diverre, seier Osland.
Boka er utgjeven på det vesle bergensforlaget Mangschou.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt