Fekk seks friske lam
Endret 20.08.07 10:49
Då er den store hendinga vel i hamn, med seks levande og velskapte lam på plass i den største båsen, «Suiten». Faren Kåre Kvalheim hadde også både ei hand og eit vake auga med under fødselen. I følgje dottera er han fast innleigd som privat dyrlege.
Ektemannen tek også enkelte vakter i sauefjøsen, men han må gjera mest nytte for seg med å snikra båsar etter kvart som lemminga skrid fram.
Lange i fjeset
? «Suiten» vart eigentleg laga til for ei som fekk firlingar. Men ho måtte vika plassen då det vart sekslingar, ler Radøy-bonden.
Sølvi Kvalheim Mjøs må berre vedgå at ho og faren Kåre vart lenger og lenger i fjeset etter kvart som lamma dumpa ut.
? Men fødselen gjekk heilt fint. Og lamma var faktisk av ganske normal storleik. Det einaste me er redde for no, er å missa nokon ved at mora legg seg seg på dei, seier Kvalheim Mjøs.
Innan onsdag kl. 13.00 hadde det kome 49 lam av 18 sauer. Med to firlingefødslar og ei med sekslingar, er det lett å rekna seg fram til at tre av mødrene har stått for 14 lam åleine. Sauerasen på garden er norsk kvit sau.
? Av dei me har, er det også ei svart. Ho kom med lam for første gong i fjor. Eg hadde håpa nokon av dei var svarte, men alle var kvite, fortel sauebonden på Kvalheim. I fjor fekk dei 70 lam av 26 sauer. Kor det endar i år, er ikkje heilt enkelt å spå. Det er enno nokre att som ikkje har lemt.
? For ikkje så mange åra sidan var det mest vanleg med eitt og eitt lam. Men dei siste åra har det berre vorte fleire og fleire. Eg veit ikkje heilt kor det kjem til å enda! seier Sølvi Kvalheim Mjøs.
Det ho i alle høve veit, er at det vert mange alelam å ta seg av.
? I fjor hadde eg 20 alelam. Av sekslingane vert det i alle høve fire som alt frå i dag av må få flaskefor.
Mange vil hevda det må vera bra butikk å vera sauebonde når sauene får sekslingar. Til det seier denne bonden at det vert mange timars arbeid og ikkje altfor mykje att. Sjølv har Sølvi Kvalheim Mjøs litt jobb utanom, men gardsdrifta tek det meste av tida.
Sauene på garden har berre nummer, men sekslingane har alle fått namn. Dei heiter Håkon, Magnus, Johannes, Kalle, Rannveig og Borghild. Dei er oppattkalla etter svigermor Borghild og syskena hennar.
Svært sjeldan
Av 300.000 søyer Sauekontrollen hadde oversikt over i fjor, fekk berre 21 sekslingar.
? Talet ligg stort sett mellom tjue og førti tilfelle årleg, seier Bente Borgen i Sauekontrollen.
Ho fortel at utviklinga går mot fleire lam per kull. I fjor var det i snitt 1,95 lam per søye.
? Bakgrunnen er nok først og fremst målretta avl. Det er dårleg økonomi i kull med få lam. Færre og færre vil ha store lam, det gjev mest pengar med små og mange lam, seier Borgen.
Sauekontrollen er bondeeigd, og omfattar kring ein fjerdedel av sauebruka i Noreg. Føremålet til Sauekontrollen er gjennom ulike tiltak å betra kvaliteten på sauebestanden.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Mobilbruk lagar misnøye
På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.
Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




