Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Fekk straumen att onsdag kveld

Del | |
RADØY: Helga Haukeland brukar trygghetsalarm. Ho måtta kasta det meste i frysen og snille naboar kom med vatn. Men onsdag kveld fekk ho og naboane att straumen.
Publisert 03.07.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Naboane er eineståande. Det hjelper med mat og kaffi, så eg tar det med ro. Men eg håpar trygghetsalarmen virkar om eg treng hjelp, seier Helga Haukeland til Strilen ved 14.30-tida onsdag ettermiddag.
Tilbake i Knarvik får Strilen denne meldinga i det streikande i EL og IT-forbundet:
Søknaden om dispensasjon som dei sende tysdag, vart onsdag ved 15.30-tida innvilga av abeidsgjevarsida representert ved Energibedriftenes Landsforening (EML).
Dermed tyder alt på at BKK sin beredskapstropp kunne rykkja ut og ordna feilen som råka Helga Haukeland og kring ti andre husstandar. Området som vart råka, var på nordre Haukeland og Storheim. Som opplyst i tysdagavisa vart dei utan straum ved 12.15-tida måndag då ein lastebil sleit ned ei høgspentlinje.
Same kveld kom både Helga Haukeland og fleire av naboane på begge dei riksdekkjande TV-kanalane. Haukeland har også hatt besøk av BA. Alle sette fokus på dei som var råka av streiken i EL og IT-forbundet.
? Tysdag var eg ute og undersøkte tilhøva både hjå både Haukeland og andre eldre i området, opplyser tillitsvald Svein Danielsen hjå BKK sine streikande arbeidarar. Etter det søkte dei streikande om dispensasjon, faktisk før dei hadde fått ein formell søknad om dette.
? Situasjonen for dei eldre utan straum vert også følgd opp av heimetenesta i kommunen, opplyste fungerande rådmann Bjørg Johnsen til Strilen i går.
Utover dagen i går tok det tid før dispensasjonen på Radøy vart gjeven. Dei BKK-tillitsvalde uttrykte mistankar om at arbeidsgjevarsida ville bruka den mediefokuserte saka på Radøy til å pressa fram tungen lønsnemnd.
Men så kom altså dispensajonen. I IT og EL-forbundet fekk Strilen opplyst at utbetringa på Radøy vil verta prioritert å få utbetra onsdag kveld, etter at det vart gjeve dispensasjon ut frå fare for liv og helse.
Helga Haukeland seier at ho har tatt ståket med ro. Men ho er glad for å ha snille naboar. Enkelte har også tatt vare på mat ho hadde i frysen. Men noko har ho berre måtta kasta. Feilen vart retta og straumen var tilbake onsdag kveld.






Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt