Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Fekk toppkarakterer

Del | |
LINDÅS: Stephen Kålås frå Leiknes gjekk ut frå ungdomsskulen med 13 seksarar på vitnemålet. June Hosøy Andersen frå Knarvik var hakk i hel med imponerande 12 seksarar.
Publisert 29.06.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49

? Det er svært sjeldan at me ser slike resultat. Dei er flotte representantar for skulen, seier Helge Brekke, avtroppande rektor ved Knarvik ungdomsskule.
Han er svært stolt av dei to elevane ved skulen som har klart å fortena så mange toppkarakterer.
Det er mulig å få 15 seksarar på vitnemålet frå ungdomsskulen.

Engasjerande lærar
? Eg hugsar ikkje kor mange seksarar eg har. Det er ikkje det viktigaste for meg, seier June Hosøy Andersen beskjedent.
Men vitnemålet kan ikkje feiltolkast, og viser tydeleg 12 seksarar. I kunst og handtverk, gym og på matteeksamen fekk ho femmarar. Ho veit ikkje heilt kva som gjer at ho har gått ut med toppkarakterer.
? Eg likar skulen, og då vert det berre slik, seier ho, og legg til at ho nok også alltid har vore flink å hugsa ting raskt.
? Eg trur eg har vore heldig, og har nokså fotografisk hukommelse, seier Stephen Kålås.
Enkelte lærarar vert og trekt fram som viktige for dei gode resultata. Stephen vil spesielt nemna Astrid Sirnes som lenge  hadde han i naturfag og matte.
? Ho underviser på ein måte som engasjerer alle i klassen, seier han.

Veddemål
Men du må ikkje tru at verken June eller Stephen har stengt seg inne med skulebøkene gjennom tre år på ungdomsskulen. Dei likar begge å bruka fritida til andre aktivitetar. June er med i speidaren, og Stephen spelar mykje fotball.
? Eg gjer minimalt med lekser, seier Stephen Kålås og kikkar ned på karakterutskrifta.
Den viser 13 seksarar og to femmarar.
? Eg fekk femmar i norsk sidemål, som var bokmål, og på skriftleg eksamen i engelsk, seier han.
Med 13 seksarar har han med god margin vunne eit veddemål han gjorde med far sin.
? Me vedda om eg kom til å klara 80 prosent seksarar. Men om eg får den bilen me snakka om, er heller usikkert, seier Stephen og smiler.
Sekstenåringane har ikkje planar om å ramma inn vitnemåla på veggen heime, og dei  reknar heller med at dei kjem til å støva vekk i ein konvolutt ein stad. Men kunnskapen tar dei med seg vidare.
Stephen har søkt seg inn på elektrolinja ved TAFF, og ser for seg ei karriere som ingeniør. June har bestemt seg for å verta lærar.
? På høgare nivå, ikkje på barne- og ungdomsskulen, seier ho skråsikkert.
Dei flinke elevane trur nivået no vert høgare, men vert ikkje skremde av det.
? Eg håpar verkeleg det vert vanskelegare. Norsk på ungdomsskulen var alt for lett, seier ho og smiler.



Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt