Felles rektorar ulovleg
Endret 20.08.07 10:49
Det er i ein lovlegkontroll Fylkesmannen si utdanningsavdeling har kome fram til denne avgjerda. Avgjerda gjeld skulane Leiknes/ Eikanger/Myking/Kløvheim samt Seim/ Skodvin/ Festo.
Opplæringsdirektør Kjellbjørg Lunde viser til at kontrollen er basert på krav frå skulemiljøutvalet og samarbeidsutvalet ved Myking skule.
Men Lunde seier også at utdanningsavdelinga og tok opp saka på eige initiativ etter at dei las i lokalpressa kva rådmannen ville gjennomføra.
Dermed har Lindås måtta tola den andre underkjenninga av vedtak på kort tid. Nyleg vart det klart at også vedtaket om å flytta Leiknes-elevar til Ostereidet ungdomskule, var ulovleg.
Støtta av politikarane
? Avgjerda om at rektor-ordninga er ugyldig kan ikkje ankast. Saka har vorte tilfredstillande opplyst frå administrasjonen i Lindås. Og eg trur ikkje avgjerda kjem overraskande på rådmannen, seier Lunde.
Lunde peikar på at politikarane har bede rådmannen gjennomføra ei omorganisering. Så har dei støtta endringane i ettertid. I november uttalte formannskapet at dei meinte omorganiseringa «vil vera til beste for innbyggjarane i Lindås kommune».
? Oftast tek me utgangspunkt i eit politisk vedtak når me gjer ein lovlegkontroll, men det har ikkje vore tilfelle her, seier Lunde.
«Fortruleg»
Det er omgrepet «fortruleg» i Opplæringslova Fylkesmannen viser til når Lindås sine endringar vert kjende ugyldige. Det vert lagt vekt på at ingen av skulane var fritekne for rektorkravet etter dei gamle reglane. «Og lovendringa i 2003 var ei skjerping og ikkje ei oppmjuking av rektorkravet». Felles rektor «er lov berre så langt det er mogleg for rektor å halda seg fortruleg med den daglege verksemda ved den enkelte skulen rektor leiar. Omgrepet fortruleg ligg til rektor og kan ikkje delegerast», skriv Fylkesmannen blant anna. Det vert også minna om lova sitt krav til skulefagleg kompetanse.
Liten sans
Fylkesmannen har liten sans for at rådmann Øistein Søvik vil ha ein leiarstil etter prinsippet «Management by walking around». I tillegg til einingsleiarane for kvar skulegruppe, skal kvar gruppe også ha ein assisterande einingsleiar. Begge skal etter opplegget vera mobile og gjer mykje av jobben via e-post og telefon. Det har som konsekvens at det er «lokale korordinatorar» som skal vera fast/dagleg til stades på kvar skule. Men Fylkesmannen godtek ikkje at dei berre skal kunna «avklara enklare daglegdagse spørsmål». Koordinatoren kan ikkje koma i staden for kravet om ein rekoror som er fortruleg med den daglege verksemda, meiner Fylkesmannen.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Mobilbruk lagar misnøye
På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.
Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




