Fem ordførarar tek attval, Aadland utfordrar Åmdal
Endret 20.08.07 10:49
Han representerer Arbeidarpartiet og er ein av dei store veteranane blant ordførarane i distriktet. I tilfelle attval vil han gå laus på sin fjerde periode. Han meiner distriktet no er inne i ein svært spennande periode sidan det skal byggjast kraftvarmeverk på Mongstad
Litt lysare
Også Trude Brosvik (44) er villig til ein ny periode som ordførar.
? Det er eit engasjerande verv å vera ordførar, og no ser dei økonomiske utsiktene også litt lysare ut for kommunen, seier ho.
Gulen har vore gjennom ein skikkeleg hestekur, med nedskjeringar i dei fleste etatar i kommunen.
Brosvik er innvald for Kristeleg Folkeparti og er inne i sin andre periode som ordførar.
Gode kontaktar
Lindås-ordførar Tove Linnea Brandvik (38) er inne i sin første periode som ordførar. Ho har også sagt ja til attval, og nominasjonsmøtet i Lindås Artbeidarparti er 27. november.
? Det er ein svært krevjande jobb å vera ordførar, og utfordrande og, seier Brandvik.
Ho er også andre vararepresentant til Stortinget og har møtt der nokre gonger.
? Det er berre fordel å vera vararepresentant dit, for då får eg tidleg informasjonar om ting som vedrører kommunen, og kan også koma med innspel andre vegen, seier ho.
Brandvik sit også i landsstyret i Arbeidarpartiet.
Held fram
Håkon Matre (62), ordførar i Masfjorden, har også bestemt seg for å ta attval.
? Eg hadde lenge tenkt at eg berre skulle sitja i ein periode, men før helga gav eg beskjed til partiet at eg er villig til å stilla som ordførarkandidat fire år til, seier han til Strilen.
Han og har fått oppmodingar om å halda fram. Matre representerer Høgre i kommunestyret, og han var også med i kommunestyret for ein del år sidan.
Direkteval
I Modalen er kommunevalet litt spesielt, for der opererer ein ikkje med partilister. Knut Moe (46) som sit no i sin første periode, representerer Samlingslista.
? Eg var lenge i tvil, men har no bestemt meg for å stilla til ein ny periode, seier han til Strilen.
Modalen har søkt om å få halda direkteval av ordførar, men det har dei førebels ikkje fått svar på.
Walderhaug sluttar
Erling Walderhaug på Fedje har sagt frå at han ikkje stiller opp att som ordførar. Olav Steinar Namtvedt i Radøy kommunen seier at han framleis er i tenkeboksen. Han er no inne i sin tredje periode som ordførar og den andre av veteranane i ordførarkoprset.
Aadland utfordrar Åmdal Sandvik
Det vert truleg kampvotering på nominasjonsmøtet 27. november om førsteplassen på Høgrelista i Meland ved kommunevalet neste haust.
? Det ville nesten vera feigt å trekkja seg, seier ordførar Solbjørg Åmdal Sandvik om situasjonen som har oppstått i Meland Høgre.
Nominasjonsnemnda har innstilt Nils Marton Aadland til førsteplass på Høgre-lista neste år. Dermed vil han også verta partiet sin ordførarkandidat, trass i at Åmdal Sandvik har sagt at ho gjerne vil halda fram ein ny periode.
? Eg har fått mange reaksjonar frå folk som vil at eg skal halda fram, seier ordføraren til Strilen.
Viss det kjem framlegg på nominasjonsmøtet om ho skal ha førsteplassen på lista, vil ho ikkje motsetja seg det.
? Det har vore kamp om førsteplassen i Meland Høgre før, seier ho og viser til det som skjedde for åtte år sidan. Då var det kamp mellom dei same to kandidatane, og då vann ho.
Bompengar
Ragnar Bratland, som er leiar i Meland Høgre, vil ikkje kommentera nominasjonsnemnda sitt framlegg ut over at han stadfestar at Aadland er føreslått til førsteplassen og Elna Bjørndal til andreplassen.
? Det er dei to plassane som vert kumulerte, og det er dei som vert fastagde på møtet den 27. november. Resten av lista vert bestemt på eit møte seinare, seier han.
For fleire veker sidan fekk Strilen signal om at det var krefter i Meland Høgre som ønskte ein annan førstekandidat enn Åmdal Sandvik. Som grunnar for dette har vore gjeve både at ho har vore positiv til Nordhordlandspakken, som inneber nye bompengar, og at ho som medlem i nominasjonsnemnda i Hordaland Høgre ikkje gjekk inn for å få Aadland høgast på lista frå Nordhordland ved sist stortingsval, men støtta Bente Gunn Håtuft sitt kandidatur. Håtuft bur på Radøy.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Mobilbruk lagar misnøye
På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.
Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




