Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Femten månader for ran av postmann

Del | |
MELAND: Ein av dei tre mennene som i november i år rana ein postmann i Meland, er dømt til fengsel i eitt år og tre månader.
Publisert 29.12.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Det var 6. november i år at den 26 år gamle mannen og to kameratar heiv seg over ein postmann som var ute på ruta si. Dei tre ransaka mannen og stakk av med postbilen, noko som førte til ei omfattande politijakt.
Dei to medskyldige ventar framleis på dommen for postranet, og sit no i varetekt.
Nordhordland tingrett har kome fram til at eit år og tre månader i fengsel er passande straff for postranet og dei andre tilhøva i saka. Overfallet mot postmannen og tjuveriet av postbilen vert i dommen rekna som det mest tungtvegande, men dei andre punkta ville også i seg sjølv gjeve fengselsstraff av «ikkje heilt kort varighet».

Var blakk
Då saka var oppe i retten i desember vedgjekk mannen at han var med på postranet ein månad tidlegare. Men tilståinga får berre avgrensa betydning for dommen, då forklaringane frå dei andre to uansett knytte mannen til ranet.
? Tilståinga forenkla likevel den resterande delen av saksgangen, eksempelvis ved at postbodet slapp å måtta møta som vitne og forklara seg, heiter det i dommen frå tingretten.
Om ranet heiter det at 26-åringen og kameratane var blakke, og at dei difor bestemte seg for å rana landpostbodet. Då postmannen var ute av bilen greip dei han og heldt han nede, før dei stakk av garde med postbilen. Frå bilen stal dei to mobiltelefonar, frimerke og kontantar, til ein verdi av i alt 13.500 kroner.

Knuste to bilar
Mannen er også dømt for å ha krasja to bilar på ei natt. Det var ei fredagsnatt i september at han først kjørte av vegen med sin eigen bil, og deretter stal ein annan bil som etter kvart også hamna i grøfta.
Mannen hadde i utgangspunktet ikkje førarkort, og kjøredugleiken var heller ikkje på topp sidan han hadde rusa seg på fleire ulike rusmiddel.
Dommen omfattar også fleire tilfelle av kjøp av hasj, marihuana og narkotiske tablettar.
I tillegg til fengselsstraffa er mannen dømt til å betala Posten ei erstatning på 13.500 kroner.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt