Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Fengsel for innbrot

Del | |
LINDÅS: Ein mann i 40-åra frå Lindås må sona ti månader i fengsel for ei rekkje innbrot og andre vinningsbrotsverk. Han er også dømd for å køyra i rusa tilstand.  
Publisert 06.12.05 00:00
Endret 20.08.07 10:49

Mannen er i Nordhordland tingrett mellom anna dømd for innbrot i Hundvingrend bedehus, huset til Seim Skyttarlag i Kjevikdalen og NGIR sitt kontor der. Han har også stole ting i Lindås Senter. I alle tilfella var han på jakt etter pengar eller verdigjenstandar for å skaffa pengar til å kjøpa narkotika.

Han har også gjort innbrot i verksemder og bilar i Bergen.

I november i fjor køyrde han ein personbil utfor vegen i Storheimskrysset på Radøy, slik at bilen vart liggjande på taket. Dette skjedde i rusa tilstand. Mannen er også teken med narkotika på seg. Mannen er tidlegare straffa, men hadde vore rusfri i ti år då han fekk ein dom i Stavanger i fjor. Den dommen hadde han var berre delvis sona, og no må han altså sitja ti månader i fengsel for den førre dommen og denne. Han må også betla ei bot på 3000 kroner og 6000 kroner i erstatning til Seim Skyttarlag.

Vidare misser han retten til å ha førarkort i 30 månader.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt