Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Fengsel for vald mot sambuar

Del | |
Ein mann frå Nordhordland må sitja i fengsel i åtte månader etter at han over ein periode på fleire år utøvde vald mot ei kvinne han var sambuar med. Ved ei rekkje tilfelle slo han henne, skubba henne og kasta ting på henne.
Publisert 10.04.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Mannen, som er i trettiåra, vedgjekk i retten at han hadde slått kvinna ti til femten gonger. Men Nordhordland tingrett legg til grunn forklaringar frå kvinna, og finn det bevist at valden har funne stad i større grad og omfang.
Valdsepisodane held fram også etter at dei to flytta frå kvarandre, og mannen er dømt for å ha knust ei rute hjå henne og vore trugande mot henne etter at det var slutt mellom dei to.
? Retten ser alvorleg på det trussel- og valdsbildet som tiltalte har skapt for den fornærma, heiter det i dommen frå tingretten.
Det heiter vidare at valden har funne stad i kvinna sin eigen bustad, ein stad der ho har hatt trong for å kjenna seg trygg.
I tillegg til fengselsstraffa er mannen dømt til å betala kvinna 40.000 i oppreisningserstatning, og ei bot til Staten på 25.000 kroner.
Mannen må også klara seg utan førarkort i tjue månader etter at han kjørte i fylla.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt