Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Fire av fem krev folkerøysting

Del | |
Fire av fem krev folkerøysting før ei eventuell kommunesamanslåing, viser ei fersk meiningsmåling i Nordhordland. Ordførarane Håkon Matre og Tove Brandvik meiner elles at tala i meiningsmålinga gjev klare signal om at diskusjonen om kommunesamarbeid bør gå vidare.
Publisert 10.02.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49

79 prosent av dei spurde på Fedje kjenner stor grad av tilhøyrigheit til kommunen dei bur i. I Lindås er tilsvarande prosent 59. I dei andre kommunane er tala slik: Austrheim 71 prosent, Masfjorden 65, Meland 64, Gulen 63 og Radøy 62. Det går fram av meiningsmålinga  som TNS Gallup har utført for Regionrådet. Over 1200 personar er oppringde og spurte i målinga.

Undersøkinga er ledd i eit prosjekt der kommunane skal utgreia korleis det kommunale samarbeidet skal vera i åra framover, og i siste instans om ei samanslåing av ein eller fleire kommunar er aktuelt.

? Eg vart overraska over at talet i Meland ligg så høgt med så mange innflyttarar som dei har, sa lindåsordførar Tove Linnea Brandvik då undersøkinga vart presentert for lokalavisene på ein pressekonferanse i går.

Folk har også vorte spurde kor knytte dei er til regionen Nordhordland. Her svarar 62 prosent i Lindås at dei i stor grad er knytte til regionen. Berre på Fedje og i Gulen er det eit mindretal som kjenner seg sterkt knytte til regionen.

 

Mest positivt

Sjølv om det store fleirtalet kjenner tilknyting til eigen kommune, er både regionrådsleiar Håkon Matre og Brandvik overraska over kor positive dei spurde er til kommunalt samarbeid.  66 prosent trur at kommunesamanslåing vil ha positiv verknad både for arbeidsplassar, fagmiljø og effektiv drift av kommunane.  Men folk krev at ei samanslåing ikkje må gå ut over det kommunale tenestetilbodet.

Mest positive er folk i Gulen og minst positive folk på Fedje. På Fedje var det også ein ganske stor prosent av dei oppringde som ikkje ville svara fordi dei meinte dette ikkje vedkom dei.

Folk har ikkje fått spørsmål om kva type samanslåing dei kan tenkja seg. Difor treng den positive haldninga i Gulen ikkje  innebera støtte til ein storkommune.

Av dei spurde er menn og yngre mest positive til samanslåing, kvinner og eldre minst. Dei med høgare utdanning er meir positive enn dei med låg.

 

Mykje likt

? Ei side ved undersøkinga som overraskar meg, er at svara er så like frå kommune til kommune. Eg hadde venta større ulikskapar, seier Håkon Matre.

Generelt er folk i Meland, Lindås og Radøy mest positive til samanslåing, folk i Masfjorden, Austrheim og Fedje minst.

? Eg vart overraska over at folk på Radøy svara så likt folk i Lindås og Meland, seier Tove Linnea Brandvik.

Begge understrekar at denne gallupen ikkje har vore for eller mot samanslåing, men eit forsøk på å finna ut kva folk legg vekt på. Undersøkinga viser klart at folk er mest opptekne av at tenestetilbodet vert halde oppe og er nært. Kor kommuneadministrasjonen ligg, er mindre viktig.

 

Krev folkerøysting

Heile 81 prosent av dei spurde meiner det bør haldast folkerøysting før eit eventuelt vedtak om endring i kommunestruktur. På Fedje krev 91 prosent dette, i Lindås og Gulen 77 prosent.

? Dette talet var også litt overraskande, men eg trur kanskje det har samanheng med at folk tidlegare i utspørjinga har fått spørsmål om dei meiner det er viktig at folk får sagt si meining, seier Matre.

I tillegg til å svara på konkrete spørsmål, har dei oppringte fått koma med meir generelle utsegner i saka. Der har det kome inn over 1000 svar, men dei er førebels ikkje offentlege. Det vil dei verta seinare. Både Matre og Brandvik meiner resultatet av gallupen er eit klart signal om at diskusjonen rundt samarbeid bør gå vidare.

? Dette var i alle fall ikkje noko signal om at me skal stoppa prosessen, seier dei.

Framdriftsplanen no er at saka i løpet av våren skal presenterast på folkemøte rundt om. Også andre former for dialog med innbyggjarane skal gjennomførast. Her kan heimeside og blogg på internett vera aktuelle.

Alle kommunestyrepolitikarane i kommunane vil få eit eige spørjeskjema.

? Me ser for oss at tida fram til sommaren vert nytta til meir uformelle drøftingar, og at saka først til hausten vil koma opp i kommunestyra rundt om, seier Matre. Politisk vedtak ser dei for seg i november eller desember.

? Eg tvilar på at det me då skal stemma over, vert kommunesamanslåing eller ikkje, men ein skal aldri seia aldri. Her er mange mogelege utgangar,  seier Matre.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt