Fire av ti fuglar oljeskadde
Endret 20.08.07 10:49
Det var Fylkesmannen i Hordaland og medlemer av Norsk Oritologisk Forening som gjorde dette kartleggingsarbeidet. Størst er som venta skadane på fugl på Fedje. Heile 80 prosent av ærfuglane som vart talde på Fedje, var oljeskadde. Men det var og uventa høgt skadetal også i Øygarden. Det var det også på Austrheim, der dei fleste ærfuglane som vart observert var oljeskadde.
Tala som er registrerte er minimumstal. Det er inga tvil om at skadane på fugl er større etter dette forliset, enn etter Rocknes-forliset i 2004, skriv Kystverket. Den gongen rekna dei med at i overkant av 2000 sjøfugl vart råka av hendinga.
Berre sju fuglar
Fredag i eitt-tida hadde det berre kome inn sju fuglar til fuglemottaket på Fedje.
? Problemet er at det ikkje er båtar og mannskap til å samla inn fuglane, seier Karen Tvedt i Pure Wildlife, som gjerne skulle ha sett at dei både hadde båtar og folk til dette.
Dei fuglane dei har fått inn, er difor stort sett slike som folk har kome over. Under Rocknes-forliset kom dei i gang med å redda fuglar 10 dagar etter forliset. Dei fekk då inn 131 fuglar, der 62 prosent kunne sleppast ut igjen i det fri.
Tvedt reknar likevel med at innsamling vert meir effektiv i helga, då fleire frivillige har fri frå jobben. Dei ventar mellom anna ein del ornitologar ut til Fedje i helga.
World Wildlife Fund (WWF) skriv i ei melding at dei hadde håpa på at skadeomfanget på fugl hadde vore mindre som følgje av forliset, men at det ser ut til at skadane alt er store.
Sjøfuglbestanden langs kysten er alt sterkt redusert som følgje av overfiske som medfører matmangel. I tillegg fryktar WWF at både klimaendringar og miljøgifter kan medverka til denne nedgangen.
? Difor kan sjølv eit lite oljesøl, som dette jo eigentleg er, få store konsekvensar for lokale bestandar, uttalar Rasmus Hansson, generalsektratær i WWF.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Mobilbruk lagar misnøye
På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.
Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




