Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Fire fyllekøyrde i Meland

Del | |
MELAND: Bilen var stolen, føraren rusa og utan førarkort då ferda enda i fjellveggen. Den unge sjåføren var ein av fire som vart tatt med promille i Meland i helga.
Publisert 30.05.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Du har kanskje sett den knekte lyktestolpen ved Fosse i Meland i helga? Natt til laurdag hadde politiet i Lindås og Meland det travelt med alkoholtørste bilførarar. Heile fire sjåførar blåste raudt.

Traff lyktestolpe
Den første av dei avslørte seg sjølv då han køyrde i ein lyktestolpe og i fjellveggen ved Fosse klokka 23.45 fredag kveld. Redningsmannskapa fekk mistanke om promillekøyring, noko som viste seg å stemma. Bilen den 19 år gamle mannen køyrde skal vera stolen, og mannen hadde ikkje førarkort.  
? Føraren var innom legevakta, men slapp frå det med mindre skader, seier lensmann Einar Vatne.

Unge menn
Seinare same natta fekk politiet igjen melding om ei ulukke i Meland, denne gongen i Dalesvingane. Meldinga om uhellet kom 02.45 og då politiet nådde fram til ulukkesstaden hadde sjåføren stukke av. Politiet fekk seinare fatt i ein 18 år gamal mann som er mistenkt for køyring i rusa tilstand. Medan politiet var i Dalesvingane stoppa dei også kveldens tredje sjåfør med promille.
? Det var ein 27 år gammal mann. Han hadde ikkje førarkort, og er tidlegare tatt for promillekøyring. Bilen han køyrde vart avskilta, seier Vatne.
Vel klokka tre tok politiet kveldens fjerde sjåfør som no er mistenkt for køyring i rusa tilstand. Mannen midt i tredveåra vart stoppa på Frekhaug.  
Lensmann Einar Vatne fortvilar over dei mange tilfella av fyllekøyring i helga.
? Det er skremmande å ta så mange på ei helg. Det gjev absolutt grunn til ettertanke, seier Vatne.
Han påpeikar at politiet har prioritert trafikkontrollar, og at dei kjem til å halda fram med å prioritera å ta dei som køyrer ulovleg.
? Dei må tenka på at det ikkje berre går ut over dei sjølve, men at dei lett kan involvera fleire i ulukker med slik køyring. Det er eit tankekors. Dei slepp billeg frå det sjølve, seier Vatne.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt