Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Fire kokkar og lite søl

Del | |
Dei fire kokkane frå Sandnes skule gjorde ein fin innsats i sjømatkonkurransen i Bergen fredag og fekk seg ein andreplass.Torgeir Andvik, Evy Færevaag, Sveinung Tveit Mjanger og Hilde Kristin Broen Kvinge er her i sving med å vega opp laks som skal nyttast i retten «Sjøgrøn freisting». (Foto: Ingebjørg Øvergaard)
Publisert 24.10.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Dei jobba systematisk og konsentrert, seier Ingebjørg Øvergaard  om dei fire elevane som utgjorde Sandnes skule sitt kokkelag i sjømatkonkurransen, som vart arrangert i Bergen.

Fisk og sjømat
Arrangør var Fiskeriforum Vest og Eksportutvalet for fisk.
Elevar frå mange skular i Hordaland deltok i konkurransen, og tre skular var plukka ut til finalen i Bergen.
Der konkurrerte Sandnes skule mot elevar frå Rothaugen skole og St. Paul skole i Bergen om å laga den mest velsmakande og fargerike retten av fisk og anna sjømat.

God tid
Kvart lag hadde 45 minutt på seg til å gjera retten ferdig, og Øvergaard, som hadde elevane i heimkunnskap i fjor, då dei melde seg på konkurransen, fortel at elevane frå Sandnes var ferdige i god tid.
? Dommarane sa et det var ein svært jamn konkurranse, fortel Øvergaard.
Laget frå Rothaugen stakk av med førstepremien, ei overnatting på Akvariet i Bergen. Elevane frå Masfjorden vart nummer to og fekk diplom, kokebøker og kjøkkenforkle.
Fire elevar var plukka ut til å vera kokkar, medan resten av klassen var med som heiagjeng.

Profesjonelt
? Eg er imponert over arrangementet. Det var svært profesjonelt gjennomført, akkurat som det var vanlege kokkar som skulle i elden, seier Øvergaard.
Ho kan elles fortelja at heile klassen på Sandnes et fisk.
? Og så likar dei å konkurrera, og eg tykkjer det er kjekt at dei er med på noko der dei vert vurderte av andre enn læraren sin, seier Øvergaard.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt