Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Fire redda frå brennande hus

Del | |
LINDÅS: To born og to vaksne var lenge uvitande om at huset dei var i stod i full fyr. Nabo Kjell Bjørnevoll varsla dei og var med på å sløkkja brannen på Tveitegrend laurdag.
Publisert 10.04.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Ikkje gjer meg til noko helt, for det er eg ikkje. Eg gjorde berre plikta mi, seier Kjell Bjørnevoll til Strilen like etter at brannen var sløkt.
Han sat og drakk kaffi heime hjå seg sjølv då han såg mistenkeleg røyk i frå nabohuset.
? Eg såg det rauk så merkeleg, men trudde først det var pipebrann, seier han.
Han gjekk ut og sette kursen mot nabohuset for å varsla dei om pipebrannen då han brått høyrde ein smell.
? Det var nok ei rute som sprakk på grunn av varmen. Etter smellet såg eg flammane, seier han.

Sløkte brannen
Snarrådig fekk han varsla to born og to vaksne som var i huset. Ein person låg og kvilte i andre etasje. Ingen av dei oppheldt seg i rommet der brannen braut ut, og ingen hadde fått med seg flammane og røyken som spreidde seg.
? Eg fekk med meg fleire og me klarte å sløkka brannen ved hjelp av tre brannslukkingsapparat og ein hageslange, seier Bjørnevoll.
Etter at dei hadde fått temma flammene kom brannvesenet til. Også ambulanse og politi kom til staden.

Utsett for røyk
Politiet fekk melding om brannen i bustaden klokka 16.20, fortel politibetjent Glenn Våge.
? Det var fire personar i huset då brannen braut ut. Det har etter forholda gått bra med alle, men dei har fått legetilsyn fordi dei har vore utsett for røyk, seier Våge til Strilen ved den brannråka bustaden.
Årsaka til brannen kunne ikkje Våge seia noko om.
? Det må undersøkingar til før me veit sikkert kva som starta brannen, seier han.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt