Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 
Fire tvillingpar på SFO

Fire tvillingpar på SFO

Del | |

LINDÅS: Av tjue born på skulefritidsordninga på Skodvin skule, er fire tvillingpar.

Publisert 24.08.11 17:45
Endret 24.08.11 17:46

– Me er einegga, seier Jonas og rappar blokka og pen­nen til Strilen for å visa at han kan skriva namnet sitt sjølv. Det er tredje skuledagen for Jonas og Markus, og både lærarar og vaksne på SFO slit med å sjå forskjell på dei to tvillingbrørne frå Gaulen.

– Eg fekk eit tips hjå mora om at Jonas har ein liten virvel i luggen og i bakhovudet, seier Frøydis Fjellsbø på SFO. Nokon andre ulikskapar har ho ikkje klart å finna så langt.

Luringar
I dag har Jonas på seg ein blåstripete genser medan broren Markus har oransje t-skorte.  Men sjølv det hjelper lite når ein ikkje ser kven som er kven. Spesielt når gutane veit utmerka godt at det ikkje tek lange tida å skifta.
Frøydis fortel at ei av dei vaksne på SFO trudde ho hadde funne løysinga første skuledagen då ho oppdaga at dei hadde ulik farge på skoa.
– No veit eg forskjellen, jubla ho. Men det skulle ho ikkje gjort høgt, for i neste augneblink hadde dei to karane bytt sko, ler Frøydis.

To par blant sju elevar
I fjerdeklassen er det to tvillingpar blant berre sju elevar. Viktor og Caroline bur i Hundvinsfeltet, og Thomas og Mikal bur i Torvena, heilt nord i skulekrinsen.
Thomas og Mikal er ikkje så like på kvarandre som Jonas og Markus. Likevel kan det vera problem å hugsa kven som er kven.
– Eg har ein diger virvel i panna og er eitt minutt eldre enn Mikal, kjem det kjapt frå Thomas.
– Eg er no ein centimeter høgare enn deg, kvitterer Mikal. Han vedgår at han har prøvd å lura folk med å ta hårgelé i luggen, men same kva han gjer, får han det ikkje til slik som Thomas.

Som hund og katt
Sjølv om det heller ikkje i Torvena er overflod av jamaldringar, ser dei to karane helst at dei slepp å leika i lag.
– Eg gidder ikkje leika med Mikal, for det er ikkje gøy, seier Thomas.
– Me likar ikkje dei same tinga, legg han til. Mikal seier ingenting, men forsvinn inn i klasserommet ved sida av. Thomas blir igjen og lurer på om det er noko anna Strilen vil vita.
– Victor og Caroline vart ni år 27. februar og me 3. august. Og vil du vita kor tid Jonas og Markus har bursdag, så vart dei seks år 16. juli. Dei hugsar ikkje datoen sjølv, skjønar du, legg han til.

Perlevenner
Andreklassen sitt tvillingpar er Stina og Sivert. Dei bur på Leivestad, ei lita grend heilt sør i skulekrinsen der det for tida heller ikkje er så mange jamaldringar. Om det er det som gjer at dei to er perlevenner, skal vera usagt. Men at dei to skal bu i lag når dei vert vaksne, er det ingen tvil om.
– Sjølv om me giftar oss med andre, så skal alle bu i eitt stort hus, seier dei to bestekompisane som ifølgje Thomas, fylte sju år i går 24. august.
Sjølv om Stina har blitt kjend med fleire på skulen, synest ho det alltid er gøyast å leika med Sivert.
– Ja, me leikar alt i lag, understrekar Sivert og hipsar søstera opp på ryggen.
– Og veit du kva, seier Stine over skuldra på broren; då me begynte i førsteklassen, trudde eg at me skulle få skrive- og leselekse med ein gong, men det gjorde me ikkje.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt