Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Fiskeforbod ved vraket av U864

Del | |
FEDJE: Kystdirektoratet og Mattilsynet kom i dag med ei melding om at dei  rår frå å eta fisk som er teke i nærleiken av vraket av U864, som ligg på botnen vest for Fedje. Fisk og krabbe teke ved vraket i oktober har høge verdiar av kvikksølv. (Foto: Geoconsult)
Publisert 22.11.05 00:00
Endret 20.08.07 10:49

I ei samla pressemelding frå Kystdirektoratet og Mattilsynet heiter det at ein ikkje bør fiska eller ta krabbe i nærleiken av ubåtvraket.

? Dette gjeld særleg for å beskytta gravide og ammande, heiter det i meldinga.

Gravide eller ammande er særleg utsett for skader ved inntak av kvikksølv, og denne forgiftinga kan gå over i foster/barn. I dei siste tre månadane av eit svangerskap kan sjølv korte eksponeringar for kvikksølv gje varige men.

Rådet frå dei to offentlege etatane kjem på bakgrunn av at det i oktober vart teke nye prøvar av fisk og krabbe som er teke i nærleiken av vraket. Desse prøvane viser at det var meir kvikksølv i fisk og krabbe i oktober 2005 sett i høve til oktober 2004. Det er teke prøvar av torsk, brosme, uer, lange, brunmat og klokjøt fra krabbe.

Samstundes vert det presisert at prøvane i år er teke nærare vraket enn i fjor. På den andre sida er dette er teikn på at kvikksølvet kjem frå ubåten, sidan verdiane aukar dess nærare ein kjem.

? Nivåa er generelt under EU sine grenseverdiar, men det er funne ei moderat overskriding av grenseverdien for tre av 25 langer. I ei av 25 prøver av brunmat fra krabbe vart det også funne ei moderat overskriding. I klokjøtet var nivåa låge, heiter det i meldinga.

Den tyske ubåten vart senka i februar 1945, og i over seksti år har kvikksølv kunna leka ut frå vraket. Etter at ein tysk amatørhistorikar gjorde norske styresmakter merksam på den farlege lasta i ubåten, er det gjort omfattande undersøkingar ved vraket. Det er slege fast at ubåten hadde kring 65 tonn med kvikksølv i lasta, kvikksølv som skulle fraktast til den japanske krigsmakta.

Det er sidan ubåten vart funne att i 2003 teke prøvar av vatn og sediment, og lokale fiskarar har ved fleire høve levert fangst til analysering. KNM Tyr har undersøkt vrakstaden med miniubåt, og verksemda Geoconsult har også hatt miniubåt på staden. Geo Bay var på staden i oktober, og deira rapport er med som grunnlag når Kystverket skal avgjera kva som skal gjerast med vraket.

Fleire alternativ er aktuelle: Anten heving av vraket inkludert kvikksølvflaskene, tildekking av vraket der det ligg på botnen, eller heving av berre kvikksølvflaskene.

Kystverket har tidlegare kome med ein uttale om at ei heving vil kosta kring 350 millionar kroner.

På fleire nettaviser i dag, inkludert Strilen,  har det vore meldingar om at Stortinget har løyvd pengar til fjerning av kvikksølvet. Men saka er seinare retta, for løyvinga Stortinget har gjort no gjeld dei pengane Kystverket har fått til forundersøkingane. Desse drøye fjorten millionane er alt brukt opp, mellom anna til å hyra inn Geoconsult.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt