– Fisken er ikkje etande
FENSFJORDEN: Kjøtet er blautt, fisken luktar rart og magesekken er full av oppdrettsfôr, fortel tidligare yrkesfiskar Torfinn Eide og ein hobbyfiskar på Lindås.
Endret 22.11.11 12:18
– Denne fisken går i bosset, seier Torfinn Eide, fiskar og nestleiar i Kystpartiet i Hordaland.
Han er tilkalla av ein hobbyfiskar på Lindås for å vurdera dagens fangst.
Hobbyfiskaren ønskjer ikkje å stå fram med namn.
– All fisken eg fekk i dag tidleg, hadde magesekken full av oppdrettsfôr. Palen luktar ikkje pale og kjøtet er blautt, seier hobbyfiskaren.
Ein full kasse pale og nokre makrell er ikkje etande. Han har spart nokre eksemplar med innvolar i frysaren for å visa fram. Magesekkane er godt fylte med brun «gugge» som fiskarane meiner er oppdrettsfôr.
Skal auka kapasiteten
Fiskarane meiner det skuldast avfall frå Fyllingsnes Fisk AS sitt matfiskanlegg ved Langøy.
Dei to fiskarane legg ikkje skjul på at dei helst skulle sett at heile anlegget forsvann, men dei er ekstra fortvila fordi Hordaland fylkeskommune har gitt løyve til at kapasiteten kan aukast frå 2340 maksimaltonn biomasse (mtb) fordelt på to lokalitetar, Ospneset (1560 mtb) og Langøy (780 mtb), til ein maksimal biomasse på 3120 tonn ved Langøy. Søknaden er oversend Fiskeridirektoratet for handsaming.
Bekymra for forureining
Det er forbode å fiska nærare enn 100 meter frå eit oppdrettsanlegg, men hobbyfiskaren skal ikkje vore nærare enn 400 meter frå oppdrettsanlegget ved Langøy då han fiska fisken.
– Heile fjorden er full av avfall frå anlegget, seier Eide.
– Og no har dei fått lov til å auka kapasiteten, så om det er gale no, så vert det verre, seier han.
Fiskaren og politikaren har tidlegare sjølv vore med på avgjerder om å flytta oppdrettsanlegg frå grunna ut på djupt vatn, men meiner no at dette var feil å gjera.
– Når dei står på djupt vatn, så vert avfallet spreidd over eit større område fordi straumen fører han med seg over lengre avstandar, seier Eide.
– Her vert skiten dregen utover i seks timar, så innover i seks timar, heile døgeret med tidevatnet. Avfallet strekkjer seg derfor langt utanfor området under oppdrettsanlegget, legg hobbyfiskaren frå Lindås til.
MAGEN FULL: All fisken, både pale og makrell, som ein hobbyfiskar frå Lindås fekk denne morgonen, hadde magen full av det han meiner er oppdrettsfôr.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Mobilbruk lagar misnøye
På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.
Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




