Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Fjerdepart kan ta «feit» pensjonspakke hjå Statoil Mongstad

Del | |
LINDÅS: Ei forlokkande sluttpakke er eit heitt tema også på Statoil Mongstad. ?Fantastisk! synest mange. ? Galskap, seier Jan Eirik Feste, som tenkjer på at 14O av 600 får tilbodet og teoretisk kan forsvinna.
Publisert 30.03.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Dei snakkar jo ikkje om anna! Dei fekk liksom ein ny giv då dette vart kjent! seier Åsmund Søreide. Med sine 24 år glyttar han skøyaraktig bort på Egil Knarvik (56) og Einar Kleiveland (58).
Dei to «veteranane» på Staoil Mongstad sin mekaniske verkstad er begge i posisjon til å ta imot eit tilbod om sluttpakke: Dei kan rekna med å få 70 prosent av lønna og står fritt til å ta seg ny jobb utan noko avkorting.

«Fantastisk tilbod»
? Jauvisst er det eit flott tilbod! vedgår Knarvik og Kleiveland.
? Eg hadde vel tatt i mot, konluderer unge Søreide.
? Nei, eg vil ikkje at du fer - eg e så glad i deg! seier ei jente som er lærling adressert til ein av dei to veteranane. Han kvitterer naturleg nok med eit smil.
Men dei to veterane held korta litt til brystet når Strilen spør om dei kjem til å ta imot. Det same gjera andre som Strilen og Jan Eirik Feste pratar med i lange korridorar og elles i Statoil-bygget.
Sjøv synest Feste tilbodet er så godt at han kallar det «galskap». Han tenkjer på vanskar raffineriet kan få med å få inn nye folk om mange med lang erfaring forsvinn.
Og uansett kva meining den enkelte måtte ha gjort seg opp, er ein ting klart: Pakketilbodet frå arbeidsgjevaren er eit tema som opptek mange på den største arbeidsplassen i Nordhordland.
Det er eit tema som gjer at både den eine og den andre stoppar litt opp i arbeidet når temaet kjem på bane.
Enkelte brukar ordet «fantastisk» om tilbodet som Statoil går ut med til tilsette over 58 år.

? God arbeidsplass
Einar Mæhle, inspeksjonsinspektør, er ein av veteranane som ligg an til å nyta godt av pakken.Dialekten røpar at han er rogalending frå starten av.
? Men eg reknar meg som lindåsing no! Eg har jobba både hjå BMV, Rosenberg og til sjøs. Statoil Mongstad er ein god arbeidsplass. Det går på mange andre ting enn berre lønn, blant anna godt miljø, seier Mæhle.
Han kunne gått ut med AFP i fjor, men ser at det tilbodet som no ventar, er betre.
? Eg veit ikkje detaljane i tilbodet. Sjølv har eg ikkje tenkt meg heilt ferdig, berre nesten. Dette er eit veldig godt tilbod, svarer Mæhle på spørsmålet om han vil ta imot.
Men han peikar på at det ikkje berre er å slutta i jobb heller. Ein kan ikkje gå tur heile dagen heller!

Ventar og ser
? Eg vil venta og sjå! er svaret me får frå ein annan Mongstad-veteran, Alf Sætran (62). Som Mæhle var han med frå raffineriet på Mongstad starta opp i august 1974.
Som tillitsvald i Prifoil har både Sætran og Jan Eirik Feste vore til Stavanger og fått klargjort kva som kjem: Også tilsette på 58 år og eldre på Mongstad og offshore-installasjonane får sjansen til å verta pensjonist med 70 prosent lønn. Tek dei ein annan jobb, får det ingen konsekvensar for betalinga frå Statoil.
Ein som også vil venta og sjå er informasjonsleiar Kåre Ness, som fyller 58 i mai
? Dei store trekka er på plass, men eg vil ha detaljane før eg bestemmer meg. Den dagen eg har eit tilbod svart på kvitt, skal eg vurdera det, seier Ness.
   

? Tenkjer på dei som er att

? Om tilbodet er sant, er det jo eit fantastisk tilbod. Eg trur alle som får tilbodet, vil ta imot, seier koordinator Alf Sætran.
? Og eg er redd for at alle tek imot! seier kollega Jan Eirik Feste (55). Sjølv er altså ikkje Feste gammal nok til å «nå i tilbodet. Han er forbundsleiar og lokalleiar i YS-forbundet Prifoil, som held på å melda seg over i SAFE, ei samanslutning av foreningar i energibransjen.
Som fagforeningsmann får Feste mange spørsmål frå medlemer om tilbodet som er varsla.
? Eg svarer at me må halda oss til leiinga i Statoil, ikkje til kva avisene skriv, seier Feste. Men han har fått hovudtrekka i tilbodet som kjem neste år. Og det er det som gjera han «redd».
? Eg vil vera forsiktig med å gje medlemane informasjon som kan vera feil. Men om mange med stor erfaring sluttar neste år, er eg redd pressset på dei som vert att vert større. Det kan verta krav om meir overtid. me kan få problem med tryggleiken, seier Feste.
Og han viser til mindre plattformer i Nordsjøen som vert bortimot «avfolka» dersom alle over 58 år takkar ja og sluttar.


? Seier alle ja, kan me ha eit problem

Seier alle ja til ei sluttpakke, er det ikkje tvil om at Statoil Mongstad kan få eit problem, seier informasjonsleiar Kåre Ness.
Som Feste i Prifoil tek Ness atterhald om at detaljane i tilbodet ikkje er klart.
Seinast i går kom det ny informasjon frå «integrasjonsplanleggingsteamet» som klargjer prosessen og beroligar Ness litt i høve til frykt for å missa for mange med lang erfaring.
Her kjem det fram at når Statoil ser kven som vil ta imot tidlegpensjonering, «vil bedrifta kunna ha behov for at enkelte medarbeidarar står i teneste noko lenger enn til fyllte 58 år, for å ivareta behovet for kontinuitet».
Ness viser uansett til at 141 på Mongstad kjem innanfor det varsla tilbodet. Det utgjer nesten fjerdeparten av dei kring 600 tilsette.
Både Feste og Ness legg vekt på den erfaringa den eldre delen av arbeidsstokken sit på.
? Ta til dømes Einar Mæhle. Han jobba fleire år ved raffineriet på Sola før han starta på Mongstad. Han må vera ein av dei som er i jobb med lengst raffineri-erfaring i landet, trur Feste.
? Det er ille om me vert tappa for mange folk i denne gruppa. Då bør bedrifta tenkja på ordningar som kan «lindra» desse problema. Dette vert ei stor utfordring, seier Ness.
Han viser til at alle veit kor heit arbeidsmarknaden er når det gjeld kvalifisert arbeidskraft.
? Ein kar tok nyleg mot sluttpakke i portvakten, som Statoil overlet til private firma på same måten som kantinedrifta. Kort etter kom same mannen inn att i portvakten med Securitas-skilt på brystet! seier Feste for å synlegjera at raffineriet treng folk på dei ulike postane.
? Er det noko frykt for at Statoil-leiinga vil bruka tidlegpensjoneringa til å pressa ned bemanninga på Mongstad?
? Det ser eg som ei heilt uaktuell problemstilling, seier Kåre Ness.
 

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt