Fjernvarme utan isbane
KNARVIK: Fleirtalet i Lindås vil ha biovarme i Knarvik, ikkje fjernvarme basert på ei skøytebane. Leif Sleire (nummer to frå venstre) fekk støtte frå eiga gruppe og eit fleirtal i kommunestyret for å bytta «fjernvarmenett» ut med «bioenerginett».
Endret 29.11.11 12:29
– Vårt parti utelukkar ikkje ei framtidig skøytebane i Knarvik, men i ein første fase vil det ikkje verta ei hovudkjelde for fjernvarme, kommenterte KrF sin gruppeleiar Arne R. Ramslien etter vedtaket om val av varmekjelde ved fjernvarme i Knarvik.
Ulik tolking
Ramslien utdjupa dette med å visa til at om skøytebane skulle vera ei varmekjelde, måtte kommunen og ha funne plass til nye millioninvesteringar i sin økonomiplan.
I kommunestyret torsdag opplevde Ramslien at hans gruppe delte seg i to leirar ved avrøystinga.
– Gruppa var samde om å dela seg, ut frå at me hadde ulik tolking av korleis ordlyden i to ulike framlegg skulle tolkast i høve til ei skøytebane, forklarte Ramslien.
Bio-siger til Høgre
Den eine KrF-fløyen støtta eit framlegg frå Ståle Hauge i Ap om å vidareføra kommunen sin plan om etablering av «fjernvarmenett i Knarvik basert på fornybar energi». Men med røystene til Ap og Frp fekk framlegget berre 15 av 31 røyster og fall.
Leif Sleire i Høgre føreslo å erstatta ordet fjernvarme med bioenergi, ein ordlyd som fekk 16 røyster frå H, Sp, Venstre og KrF.
Bjarte Vanøy (Frp) førslo å seia Ja til isbane som varmekjelde for fjernvarme i Knarvik. «Infrastrukturen og ulike organiseringar av rørtrase og drift skal administrasjonen visa når saka om realiseringa av anlegget vert lagt fram for politisk handsaming», heiter det vidare i framlegget, men den fekk berre Frp sine fem røyster.
Fleirtalet sitt vedtak inneber at aktuelle tilbydarar av varme frå bioenergi skal kartleggjast, og det skal hentast inn tilbod på pris for ferdig levert varme til kommunale og fylkeskommunale bygg.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Mobilbruk lagar misnøye
På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.
Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




