Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Fjordline-aksjar ikkje nulla

Del | |
Fjord Line-aksjane vert likevel ikkje skrivne ned til null, slik det tidlegare låg an til. 
Publisert 08.11.05 00:00
Endret 20.08.07 10:49

Årsaka er at det ikkje vart noko av at færøyiske Smyril Line skulle tok over som hovudaksjonær i Fjord Line. I staden vart det KS Nordsjøferger og KS Bergensfjord som kjøpte aksjepostane til TFDS og Fjord1, og dermed vert nye hovudeigarar. Der var ei ekstraordinær generalforsamling i Fjord Line fredag. Der vart det og vald nytt styre i selskapet. Desse er Peter Frølich (leiar), Reidar Lien, Eivind Lunde, Bjarne Brynning og Atle Tornes. Frå dei tilsette sit Kristi Hilleren og Frode Birkeland.

 

Aksjane nedskrivne

Til Bergens Tidende seier den nye styreleiaren, Peter Frølich, følgjande:

? Det vil verken vera forretningsmessig klokt eller etisk rett å skuva ut dei mange lokale aksjonærane i Fjord Line. Mesteparten er folk med bakgrunn i lokalmiljøet rundt BNR. Eg kan ikkje sjå at selskapet sine interesser er tent med at ein behandlar aksjonærane slik Staten gjorde under bankkrisa der alle tapte sine bankaksjar. Det var rett og slett eit landevegsrøveri.

I ei melding frå Fjord Line går det fram at aksjeverdien på noverande aksjar vil verta delvis nedskrivne. Men dei vert altså ikkje nulla ut.

 

? Ei mykje betre løysing

Bjarne Storheim frå Radøy låg an til å tapa over 100.000 kroner ut frå aksjekursen i september, dersom aksjane i Fjord Line hadde vorte nulla ut. Det er om lag 3000 småaksjonærar i Fjord Line, mange av desse frå Nordhordland.

? Dette er ei mykje betre løysing enn med Smyril Line, seier Storheim, som sjølv var på generalforsamlinga fredag. Han fortel at det der var mykje folk og stemninga var god. På generalforsamlinga var eigarane av nesten 92 prosent av aksjane representerte.

? Dei nye eigarane er frå fylket, og eg har inntrykk av at dei både har pengar og vilje til å satsa vidare på Fjord Line, seier Storheim.

Han seier at styret om kort tid tek stilling til kor mykje aksjeverdien vert nedskriven.

 


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt