Flammane tok femten mål
Endret 20.08.07 10:49
? Eg vil enno ein gong minna om at folk må vera svært varsame når det er å tørt som no. Eg minner elles om totalforbodet mot bruk av open eld i marka no i sommarhalvåret, seier brannsjef Gjert Holtan i Lindås og Meland brannvern.
Full utrykking
Brannvernet fekk melding om at det brann på ei øy utan busetnad klokka 20.50 laurdag kveld, fortel Holtan.
? Sidan det var snakk om ei øy utan busetnad, rykte med ut berre med ein bil. Men når me oppdaga at det var snakk om Lurøy, der det er ein del hytter og naust, vart det full brannutrykking, fortel brannsjefen.
Dei vart til slutt rundt 17 brannfolk frå Knarvik og Lindås som vart frakta ut til øya og deltok i sløkkingsarbeidet.
Holtan gjev ei stor takk til Hans Jakob Valle ved Feste handel, som hjelpte til med å skaffa båtar for å få frakta brannfolk og utstyr over til Lurøy. Øya ligg nord-vest for Feste.
Sigarettsneip var årsaka
Holtan meiner i etterkant at hyttene og nausta aldri var truga.
? Heldigvis var det vindstille og me fekk og hjelp av fuktig skodde som kom sigande. Men hadde det vore vind kunne det ha vore fare for at hyttene hadde teke fyr, seier han.
Brannvesenet reiste frå øya klokka 00.10 natt til søndag, men måtte jobba nokre timar utover natta for å reingjera utstyret, då dei hadde brukt sjøvatn til sløkkingsarbeidet.
Det var dei som hadde årsaka brannen som sjølv kontakta brannvesenet, fortel Holtan. Ein sigarettsneip førte til at det tok fyr, og brannen spreidde seg raskt i den tørre vegetasjonen. Brannvesenet har sendt ei melding til politiet om hendinga, men dei har ikkje sjølv meld dei ansvarlege.
Det gjekk med om lag 15 mål gras, lyng og skog i brannen.
Mange utrykningar
Lindås og Meland brannvern har aldri før hatt så mange brannutrykkingar som til no i år.
? I heile 2004 hadde me 91 oppdrag. Til no i år har me hatt 83, seier brannsjef Gjert Holtan i Lindås og Meland brannvern til Strilen.
Mange av utrykkingane har vore til gras- og lyngbrannar. Nokre av desse har vore dramatiske, som seinast den i Knarvik 31. Mai, der fleire bustadhus var truga.
? Eg ser neste kvar dag at folk kastar sneipar ut av vindauget på bilen. Det må dei ikkje gjera. Det kan lett ta fyr i gras og buskar i grøftekanten når det er tørt, seier brannsjefen. Det er elles totalforbod mot bruk av open eld i marka no på sommarhalvåret. Forbodet gjeld også grilling, opplyser brannsjefen.
? Dersom folk skal grilla, må dette skje heilt i sjøkanten, og dei må syta for at det vert sløkt skikkeleg med vatn. Dei må også ta med seg avfallet, og levera det på ein forsvarleg måte, seier han.
Brannvernet har opplevd fleire gongar i år at folk har kasta eingongsgrillar i bosskonteinerar og ?korger, og så har det teke fyr.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Mobilbruk lagar misnøye
På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.
Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




