Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Flåttbitt endra livet for Floen

Del | |
RADØY: På ein av mange skogsturar i 2002 sidan fekk Ragnar Floen flåttbitet som skulle endra livet hans. Etter fire år slit han framleis med etterverknadane frå bitet. 
Publisert 03.10.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Han er ein ondskapsfull rakkar, den flåtten, seier Ragnar Floen (60).
Frustrert og oppgitt fortel Floen om då han på ein ferietur til Gran Canaria la merke til ein stor, raud ring på baksida av kneet.
? Eg trudde eg hadde fått merket på flyturen ned. Det klødde, men forsvann før eg kom heim att, og eg gløymde heile merket, seier Floen.
To månader før hadde han fjerna ein flått frå same plassen bak kneet, men han tenkte ikkje over at det kunne vera noko samanheng med den raude ringen før seinare.
Ut på vinteren byrja Floen å verka i kroppen. Muskelsmerter heldt han vaken om natta, og han byrja å tøya og strekkja for å motverka smertene.
? Har eg vorte gammal no, hugsar eg at eg tenkte. Eg var 56 år då. Etter ei stund tok eg ein del blodprøvar og testar på Haukeland, og då fekk eg svaret. Frå flåtten hadde eg fått Borreliainfeksjon, fortel Floen.

Går framleis tur
Bakteriegruppa Borrelia er den vanlegaste smitten frå flått. Den kan invadera hjernesystemet og gje lammingar, leddsjukdomar, kronisk hudsjukdom og smertetilstandar.
? Eg fekk muskelsmerter, nyresmerter og underlivssmerter, men kuren mot borreliainfeksjonen hjelpte, seier Floen.
Året etter fekk Ragnar Floen på ny kjenna etterverknadane av bitet.
Han fekk ein ny kur, og nekta å la seg stoppa av smertene.
? Eg kan jo ikkje leggja meg ned og ikkje gjera noko, seier mannen som er ein av dei ivrigaste turgåarane på den grøne øya.
? Eg lærte å kle meg på ein annan måte. Lang bukse og skjorta godt ned i buksa hjelper godt, slik at flåtten ikkje slepp til. Eg har også lært at flåtten berre kan gå oppover, og eg veit kvar den likar seg. Flåtten skal ikkje styra kva eg skal gjera, seier Floen.
Floen har berre fått eitt bit etter at han vart observant på dei endringane han måtte gjera.

Hjerneinfarkt
Det siste året har endå ein sjukdom meldt seg hjå den turglade mannen. På ein tre-fire timars tur ved Lometjødna i Haukåsen mista han heilt kontroll over seg sjølv.
? Eg hugsa ingenting, og hadde gått i to timar utan å vita kvar eg var. Hadde eg ikkje sett skiltet til Austebygd skule, hadde eg ikkje visst at eg var på Sletta, fortel Floen.
Legane meinte først han hadde eit lite hukommelsestap. Testar viste at han hadde hatt eit hjerneinfarkt.
? Eg dett framleis vekk i minuttar om gangen, og det hender eg mister synet. Først fekk eg blodfortynnande middel mot dette, men det verka ikkje. Då eg fekk Borrelia-kuren, vart eg betre, seier Floen, som meiner dette viser at Borreliabakterien har noko med anfalla å gjera.

Kle deg godt
Floen vil gjerne åtvara andre mot denne blodsugande midden, og håpar fleire vil verta merksame på kor farleg den kan vera, når han no fortel si historie om den farlege smitten.
? Korleis har dette bitet merka livet ditt?
? Korleis merkar våkenetter med muskelsmerter eit menneske? Kva gjer det med eit menneske å mista hugsen? Korleis merkar det eit menneske at ein må opererast, testast og ta medisinar? svarar Floen.
Han oppmodar folk på det sterkaste å dekka seg til når dei går i skog og mark.
? Det er betre å bruka litt tid å kle på seg riktig, enn å få flåttbitt og ha smerter både dag og natt, seier Floen, og understrekar kor viktig det er å fjerna flåtten så snart som mogleg om du får ein på deg.
? Du kan og eta kvitlauk, for det skal og hjelpa førebyggjande. Om det går så langt at du ser ein raud ring rundt bittet, må du kontakta lege snarast, rådar Floen.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt