Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Flaumskadar for over ein million

Del | |
MASFJORDEN: Regnet og flaumane i fjor haust gjorde naturskadar for over ein million kroner i Masfjorden. Kraftverket på Kjetland står trygt, men flaumen i fjor haust gjorde skader tett inntil veggane.
Publisert 02.02.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49

I alt vart det registrert 16 naturskadar frå dei store flaumane i september og november 2005. Det var skade både på bruer, vegar og dyrka mark.
No er lensmann Ivar Holmaas ferdig med takstane av desse skadane, og konklusjonen er då at skadane samla kjem opp i over ein million kroner.
? Takstane varierer frå i underkant av 20.000 kroner til 160.000 kroner, fortel Holmaas.

Elvane verst
Av dei innrapporterte skadane utgjer takstane for fem av dei over 100.000 kroner.
? Alle desse gjeld elvar som har gått over breiddene sine, og som det vert ganske dyrt å førebyggja for å hindra framtidige skadar, seier lensmannen.
Dette gjeld mellom anna på Kjetland i indre Haugsdal og på indre Hope.
I ei av sakene er det ikkje halde skjøn for der er lensmannen ugild, men Holmaas reknar med at det der dreiar seg om skadar for 50.000 til 100.000 kroner.

Ikkje tun
Skadane det her er snakk om, er dei som kjem inn under ordninga for naturskadeerstatning. Skadar på våningshus og tun vert dekka av den vanlege forsikringa og er ikkje med i desse tala. Utbetringar som den som er planlagt på indre Hope, med å utvida utløpet frå vatnet der, er heller ikkje med i desse tala.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt