Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Fleire seksualbrotsverk

Del | |
I fjor etterforska politiet i Nordhordland langt fleire seksualsaker enn året før. Mange tenåringsjenter vert utsett for overgrep.
Publisert 26.01.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49

? Det er ein del veldig unge som vart utsett for misbruk eller valdtekt, seier lensmann Einar Vatne.
I 2004 vart 12 sedeligheitssaker meld til politiet. I 2005 var talet 25. Ein del av offera er jenter heilt ned i fjortenårsalderen som vert utsett for overgrep på fest.
? Me har ein del saker der jenter vert valdtekne i sterkt rusa tilstand, seier Vatne.
Lensmannskontora i Lindås/Meland, Austrheim/Fedje og Radøy etterforska i fjor seks valdtektssaker. Og fire av sedeligheitssakene galt born under fjorten år.
? Det er urovekkande, seier han.
Også valden i regionen auka kraftig i fjor. Politiet registrerte 136 saker knytt til vald og trugsmål i 2005, mot 93 året før. Og det er i Lindås og Meland utviklinga går feil veg. I Radøy, Austrheim og Fedje har talet på valdssaker gått ned.
? Det har vorte meir uprovosert utevald, det er ei veldig negativ utvikling. Det er frykteleg mange som vert kvesta, seier Einar Vatne.
Han knyter mykje av problema til ei gruppe på fem til ti ungdomar.
? Desse har stått for veldig mykje av valden. Der dei har samlast, har det skjedd noko. Me har sett veldig mange tilfelle av uprovosert vald, der dei berre måkar ned andre menneske, seier han.
Politiet vil prioritera å få bukt med valden.
? Me veit mykje om kor og når det skjer. Toleransen er null, me vil melda den minste ting, seier Vatne.
Lensmannskontora har og opplevd ein auke når det gjeld vald heime hjå folk.
? Me hadde 25 saker som galt familievald, og det er meir enn før. Dette er diverre ein type problem det er vanskeleg å gjera noko med, seier han.
Seksualsaker, vald ute og familievald har svært ofte eit fellestrekk: Rus.
? Mesteparten av valdstilfella skjer i rusa tilstand, seier Einar Vatne.
Austrheim-lensmann Roar Tofting har følgjande råd til foreldre og andre vaksne som uroar seg over den negative utviklinga:
? Bry dykk. At vaksne gjev dei unge merksemd, kan ha ei positiv effekt, seier han.
Tofting viser til foredraget Oddvar Bjørnestad hadde på Grasdal i Meland tysdag. Han har jobba mykje med vanskelegstilt ungdom. Bjørnestad meiner at foreldre og andre vaksne må engasjera seg i borna sin kvardag, og at dei må vera flinke til å setja grenser.

* I 2005 vart lensmannskontora Lindås/Meland, Austrheim/Fedje og Radøy knytt saman i ein region, og dei har difor felles statistikk over aktiviteten i fjor. For å kunna samanlikna tala, er statistikken frå dei tre lensmannskontora også slått saman for 2004.

Mange naturskader
I 2004 vart ikkje ein einaste naturskade meld til lensmannsregionen. I 2005 slo naturen kraftig tilbake: Lensmannskontora fekk inn 22 naturskadesaker. ? Det skuldast veret, mellom anna periodane med kraftig nedbør, seier lensmann Einar Vatne.

Færre narkosaker
I fjor registrerte politiet i Lindås, Meland, Radøy, Austrheim og Fedje 88 narkotikasaker. Dette er 27 færre enn i 2004. ? Men me har ikkje belegg for å seia at det har vorte mindre narkotika her. Det har litt med kva type saker me prioriterer, og litt med kva personar som til ei kvar tid sit i fengsel, seier lensmann Einar Vatne.

Færre innbrot
Det var 154 tilfelle av innbrot og tjuveri i lensmannsregionen i fjor, mot 182 året før. Ti biltjuveri er seks mindre enn i 2004. Nitten båtar vart stolne, det er like mange som året før. Politiet registrerte 67 tilfelle av skadeverk, medan det i 2004 var 90 slike tilfelle.

To omkom i trafikken
Det var to dødsulukker i trafikken i fjor. I januar omkom ein ungdom då ein bil køyrde av vegen på Alverflaten. I oktober omkom ein ung motorsyklist i ein kollisjon på Alverflaten. Også i 2004 var det to omkomne i trafikken. I 2005 var det 44 trafikkulukker med personskade, der 66 personar kom til skade. Førti personar vart tekne for promillekøyring, og det vart gjeve 185 foreinkla førelegg. Tala er omlag som i 2004. Men politiet kontrollerte 7528 køyrety i fjor, det er nesten 2400 fleire enn året før. ? Målet med kontrollane er at det skal verta færre trafikkulukker. Me fokuserer på fart. Dei fleste ulukker skuldast fart eller andre ting ved føraren si åtferd i trafikken. Det er heilt marginalt med ulukker som skuldast teknisk feil, seier lensmann Einar Vatne.

Nedgang i våpensakene
I 2004 tok politiet seg av 402 søknader knytt til våpen. I fjor var talet meir enn halvert. ? I 2004 var det våpenamnesti, medan det ikkje var amnesti i 2005. Det forklarar nedgangen, seier lensmann Einar Vatne.

Færre gjeldssaker
Politiet tok seg av færre gjeldssaker i 2005 enn året før. Fire personar søkte om gjeldsordning, mot 18 året før. ? Me fanga opp veldig mykje i 2004. Den låge renta gjer og at det vert færre slike saker. Men dersom renta aukar, kan det få stor innverknad på dette. Det er mange som lever marginalt i dag, som ikkje har til fløyte i kaffien. For dei vil ein renteauke slå veldig uheldig ut, seier lensmann Einar Vatne.

Løyser fleire saker
Lensmannskontora oppklarte 62,6 prosent av sakene dei tok seg av i fjor. I 2004 var oppklaringsprosenten 56,6. Sakshandsaminga går dessutan raskare enn før. I snitt brukte politiet 85 dagar på å oppklara ei sak i fjor, dette er 33 dagar raskare enn året før.

Mykje tid til Schengen
Politiet brukar mykje tid på såkalla Schengen-kontrollar. Dette er kontrollar av mannskap på utanlandske båtar som legg til kai i Nordhordland. ? Me hadde 460 slike kontrollar i fjor. Det går minst eit årsverk med til dette, seier lensmann Einar Vatne. Dei aller fleste kontrollane vert gjort på Mongstad. Men det kan også vera Schengen-kontrollar på Fedje, Eikefet og Fonnes.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt