Fleirtal for to bommar
Endret 20.08.07 10:49
Det meinte eit klart fleirtal då styret i Regionrådet, som er samansett av ordførarane i dei sju medlemskommunane, hadde møte i dag, tysdag.
Berre radøyordførar Olav Steinar Namtvedt reserverte seg mot bom nummer to, på Radøygrensa, og viste til drøftinga i formannskapet på Radøy førre veke, der det kom klare signal om at ein bom på Kalneset var lite populær.
Fedje-ordførar Erling Walderhaug var ikkje til stades på møtet.
Alt eller ingenting
I styret kom det klart fram at dei andre ordførarane var litt forundra over debatten som hadde oppstått på Radøy.
? Men det er ikkje nye tonar. Det er akkurat den same diskusjonen som me har hatt i Lindås. Men spørsmålet er: Ønskjer me desse vegprosjekta så sterkt at me er villige til å ta ulempene med å betala bompengar. Gjer med det ikkje, kan me berre leggja vekk heile Nordhordlandspakken. Ingen ønskjer bompengar, sjølv om enkelte ser ut til å tru det, sa Tove Linnea Brandvik, ordførar i Lindås.
Mot Knarvik
? Det er klart at søre delen av Radøy orienterer seg mot Knarvik i alle samanhengar. Dei er sjeldan på Manger. Difor er det vanskeleg å argumentera for ein bom til ein veg som mange ikkje vil få særleg nytte av, sa Namtvedt og tenkte på veganlegget Tolleshaug - Soltveit. Dette anlegget er det største prosjektet i fase 1 av Nordhordlandspakken, og det er argumentet for at det bør vera bom på Radøy i tillegg til ved Nordhordlandsbrua
Dei andre i rådet meinte at viss ein skal sitja og finrekna på kven som har nytte av bompengane, vil ein aldri koma nokon veg.
? For meg kunne det gjerne vera ein bom, men viss to bommar må til for å få prosjektet gjennom, godtek eg det og, sa Austrheim-ordførar Ole Lysø.
Ta ut Radøy
? Viss det er slik at det ikkje er så viktig å få utbetra vegane i kommunen at dei er villige til å betala bompengar, kan me laga ein Nordhordlandspakke utan vegprosjekta på Radøy, sa Brandvik, men det framlegget vart ikkje drøfta nærare.
I Nordhordlandspakken fase 1 ligg det inne 70 millionar kroner til mindre prosjekt i Lindås og Meland. På møtet kom det fram at Meland ønskjer å bruka desse på Rv 564 frå Fløksand til Åsebø, medan Lindås vil bruka mesteparten til trafikksikring i Alverstraumen-Remme.
Saka går no til representantskapen i Regionrådet. Dei skal ha møte neste tysdag og avgjera om ein skal gå vidare med arbeidet med Nordhordlandspakken eller ikkje. I representantskapen sit lokalpolitikarar frå alle medlemskommunane, men ordførarane er ikkje med. Dei folkerike kommunane har fleire medlemer enn dei små.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Mobilbruk lagar misnøye
På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.
Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




