Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Fleirtal i Regionrådet inn for å laga bompengesøknad

Del | |
Alle ordførarane som møtte i Regionrådet i går, gjekk inn for å utforma ein bompengesøknad for fase I Nordhordlandspakken. Meland-ordførar Solbjørg Åmdal Sandvik kunne ikkje koma før like etter at regionrådsleiar Håkon Matre hadde klubba.
Publisert 23.04.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Saka burde ikkje vore tatt opp i dag! uttalte ein litt fortørna Meland-ordførar etter at ho kom til Regionrådet sitt møte like før klokka ti måndag. Åtte minuttar tidlegare hadde Håkon Matre (Masfjorden), Ole Lysø (Austrheim), Knut Moe (Modalen) og Olav Steinar Namtvedt (Radøy) støtta det nye opplegget for ein ny vegpakke.
Dei som ikkje kunne stilla, var Erling Walderhaug frå Fedje og Tove Linnea Brandvik frå Lindås i tillegg til Åmdal Sandvik frå Meland.
Regionrådet var likevel vedtaksført, og vedtaket er ei tilråding om at det vert utarbeidd ein bompengesøknad for fase I av Nordhordlandspakken, basert på to bomstasjonar, ein ved Nordhordlandsbrua og ein ved Lunde på Radøy.
Dette er den siste løysinga som samferdselsutvalet til Regionrådet, Håkon Matre, Tove Linnea Brandvik og Olav Steinar Namtvedt, har gått inn på.
I Regionrådet i går gjentok Namtvedt det han førre veke har sagt til Strilen:
? Eg har bestemt meg, innforstått at Namtvedt meiner Radøy bør fira på standpunktet om å gå mot ein bomstasjon i sin kommune. Hadde Brandvik vore på møtet i går, må ein gå ut frå at ho ville støtta framlegget ho har forfatta saman med Matre og Namtvedt. Walderhaug ville truleg også ha støtta framlegget på vegner av Fedje. Dermed tyder mykje på at Meland vert den kommunen der eit fleirtal vil ha reservasjonar mot det siste framlegget.
Før saka går til den enkelte kommune, skal ho opp i Regionrådet sin representantskap kring 1. juni.
Meland-ordføraren viste måndag Strilen eit framlegg med litt annan ordlyd enn det som vart vedteke, men det fekk ho ikkje sjansen til å argumentera for.



Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt