Fleirtal vil ha Alversund-elevar til Knarvik og Leiknes-elevar til Ostereidet
Endret 20.08.07 10:49
Bak fleirtalet står Gaulen, Torunn Gamst (H), Eldbjørg Valle (Ap), Atle Austrheim og Anna Smedsdal (Sp) samt Åshild Halland (V). Også mindretalet Svein Børtveit (KrF) og Bjørn Arne Aakvaag (Frp) vil i første runde avvikla Alversund ungdomsskule, men dei to vil ikkje overføra Leiknes-elevane til Ostereidet.
Bjarte Vatnøy (Frp) måtte forlata møtet før avrøysting. Saka skal etter planen endeleg avgjerast i kommunestyret 18 mai.
Heile formannskapet gjekk i ei anna sak inn for at elevane frå Leiknes får halda fram å gå til Knarvik ungdomsskule. Saka har kome opp avdi elevtalet i 8. klasse frå komande haust overstig 60 elevar, slik at det vert ein klasse ekstra. Denne ekstrakostnaden tek kommunen det komande skuleåret.
Men i saka som gjeld skuleutbygging, tilrår fleirtalet å overføra 8. trinnet frå Leiknes frå skulestart 2007, og tilsvarande i 2008 og 2009.
Vil investera
I tillegg til dei vesentlege endringane for Alversund og Leiknes, vil fleirtalet byggja ut Knarvik ungdomsskule til å kunna ta imot 360 elevar, innafor ei investeringsramme på 30 millionar kroner. Målet er å ha denne utbygginga ferdig i januar 2008.
Leiknes barneskule vil fleirtalet byggja ut for å ta imot 190 elevar, med ei investeringsramme på 24 millionar kroner. Siktemålet er å ha nybygget klart til skulestart hausten 2008.
Ostereidet ungdomsskule skal etter framlegget byggjast ut til å ta imot 170 elevar. Skulen har i dag kring 120 elevar, men utan tilføring av nye elevar seier prognosane at talet kan koma ned mot 75 elevar. Det er for få elevar for ein ungdomsskule, uttalte fleire i formannskapet. Målet er å ha ferdig ei utbygging av Ostereidet ungdomsskule til 13 millionar kroner til skulestart hausten 2007.
Ny vurdering i 2012
Gaulen sitt framlegg seier vidare at skulestrukturen for ungdomstrinnet i Knarvik og Alversund skal vurderast på nytt i 2012, for då å ta stilling til om Knarvik ungdomsskule skal byggjast ut vidare, eller om det skal byggjast ny ungdomsskule i Alversund-krinsen.
Eit punkt 7 lyder at det i samband med rullering av kommunedelplanen, skal «avsetjast ein høveleg tomt i Alversund-krinsen til ungdomsskule, idretts- og akvitetssenter».
Administrasjonen vert og beden om snarast å greia ut situasjonen for Knarvik barneskule, med sikte å utvida kapasiteten frå hausten 2008, heiter det siste punktet i fleirtalet si tilråding.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Mobilbruk lagar misnøye
På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.
Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




