Flyshow og amerikanske bilar på Knarvik-kaien
Fly- og motorinteresserte i Nordhordland har klart det umulige. Dei har fått Forsvaret til Knarvik med F16 og Hercules. I tillegg kjem ei rekkje oppvisningsfly og amerikanske bilar.
Endret 05.06.12 10:00
– Det er berre heilt fantastisk. Det er slik at du ikkje trur det er sant, seier Glenn Tangen, Ove Myking og Håvard Dale.
Og dei tullar ikkje.
Søndag 10. juni kjem Forsvaret til Knarvik med eit F16 jagarfly og Hercules transportfly. I tillegg kjem det ei rekkje aktørar med oppvisningsfly. Det skal blant anna koma ein Pitts Python, ein Pitts S2A og ein jet. Alle flya skal fly oppvisning over Knarvik og Osterfjorden. Og som om ikkje det var nok, er det venta at godt over 100 amerikanske bilar skal stå på utstilling på ferjekaien.
– Me tar inn så mange amerikanske bilar me klarer å få plass til på kaien. Kor mange det er, veit me ikkje enno, men det kan bli så mykje som 150 stykk, seier Glenn Tangen i Amcar Nordhordland.
I fjor arrangerte den lokale klubben Amcar treff for første gong på ein god del år. Det vart så vellukka at dei bestemte seg for å arrangera eit nytt i år.
– Me hadde eigentleg tenkt å arrangera eit treff berre for Amcar, men så balla det på seg etterkvart, flirer Tangen.
Forsvaret 100 år
Nordhordland flyklubb ville vera med og laga ein dag for alle som er interesserte i luftsport. Håvard Dale i flyklubben nytta det han hadde av kontaktar i miljøet og var frimodig nok til å spørja Forsvaret om ikkje dei kunne tenkja seg å stilla med nokre fly.
– Forsvaret fyller 100 år i år. I samband med jubileet reiser dei rundt og held flyoppvisningar fleire stader i landet. Dei har eit travelt program og hadde eigentleg ikkje tenkt seg til Bergens-området, men eg tenkte det var verd forsøket, seier Dale.
I mellomkrigsåra hadde marinens sjøflyvåpen ein base på Flatøy. Det er den historiske tilknytinga, som gjer at Forsvaret har funne ut at dei kan leggja inn eit besøk i Nordhordland.
– Ein unik sjanse
– Å få Forsvaret til Knarvik for å fly oppvisning er stort. Kjempestort. Noko slikt har aldri skjedd før og det kjem neppe til å skje igjen, seier Dale.
Arrangementet i Knarvik har fått namnet «Wings and Wheels» og vil gå føre seg på ferjekaien. Amcar Nordhordland og Nordhordland flyklubb står som arrangør og dei ventar mykje folk.
– Dette er ei oppleving som ikkje berre vil trekkja folk frå distriktet vårt, men frå eit stort område, seier Tangen og Myking.
Dersom det vert ein suksess, ønskjer dei to klubbane å samarbeida om eit liknande arrangement neste år.
Båtar og demotur med sjøfly
– Me arrangerer denne dagen for å setja fokus på alle typar luftsport og motorsport. Me vil visa fram det som er av slikt i distriktet vårt, seier arrangørane.
Responsen frå lokale lag og personar med interesse i den retninga, har vore stor.
– Me har invitert alle me kan koma på som driv med tøffe ting med motor. Mange lag og grupper kjem til å ha stand på kaien for å fortelja om det dei driv på med. Me har invitert folk som driv med autoslalåm, folk frå luftsportsmiljøet i Gulen, og Hobbyboat, berre for å nemna nokon. Hobbyboat stiller med ein masse båtar og skal ha utstilling både på land og på sjøen.
Dersom forholda ligg til rette for det, blir det også bli fallskjermhopp og demonstrasjonsturar med sjøfly. Nordhordland flyklubb vil stilla med sjøfly og vil fly demoturar som folk kan få vera med på, seier Dale.
Det vert også modellfly og hoppeslott, som den yngre garde nok vil setja stor pris på. I tillegg vil det bli sal av diverse i bodar på kaien.
– For heile familien
– Dette skal vera ein dag der heile familien kan gå saman, seier arrangørane. Medlemmar i flyklubben og Amcarklubben gjer heile jobben på dugnad, men det kostar ein del å arrangera ein slik dag, så dei tek litt inngangspengar.
– Men det skal ikkje kosta meir enn at alle skal ha råd til det, og me gjev familierabatt, lovar dei.
Lokalt næringsliv og Lindås kommune har også vore med og bidrege med pengar som gjer det muleg å få dette til. No håpar berre arrangørane at vêrgudane vil vera med på laget.
– Dette må jo berre bli ein draumedag, seier gjengen til avisa.
F-16: Forsvaret kjem med eit F16 jagarfly og eit Hercules-fly.
Oljesøl i Knarvik
LINDÅS: Ein lastebilsjåfør var uheldig og fekk lekkasje i ein tank med brukt soyaolje. Olje rann ut i vegen i fleire hundre meter før lekkasjen vart oppdaga ved Knarvik Senter i dag, torsdag.
Avtale kan vera berga
GULEN: Viss alle parti stemmer slik i fylkestinget som dei sa på folkemøtet på Byrknes (bilde) onsdag, er Hordalandsavtalen berga.
Fortvilar over krav
LINDÅS: - Eg fattar ikkje kommunen sitt krav om riving. Er det ikkje lov å leggja tregolv på utsida av hytta si?
Topp pinsefest for femti
LINDÅS: På Ostereidet starta femti sprekingar 2. pinsedag med tofjellstur, pinsefest, drøs og fanfare.
- Ikkje la oss betala rekninga!
MELAND: Tilsette i reinhald- og vaskeritenesta i Meland demonstrerte utanfor rådhuset onsdag. Dei fryktar for jobbane sine. Seinare på dag gjekk eit fleirtal i formannskapet inn for at kommunen må innhenta anbod på delar av desse tenestene, og å be rådmannen vurdera konkurranseutsetjiing også for Meland sjukeheim og heimetenestene.
Siste kortnytt
- Small i fjellveggen [23.05.13 13:52]
- Gull til Urhaug i Slovakia [23.05.13 13:58]
- Kjørte i eit tre [18.05.13 18:52]
- I fjellveggen i Eikefettunnelen [18.05.13 18:52]
- 17.mai på Kvalheim [16.05.13 10:52]
- NBK berga poenget [11.05.13 18:38]
- Ny rektor på Årås [11.05.13 18:29]
- Hus totalskadd i brann [11.05.13 18:17]
- – Endeleg ope att! [07.05.13 10:40]
- Feirar Wergeland [07.05.13 10:34]
- Ny aktør på vegvedlikehald [01.05.13 17:10]
- Pengar til Nordhordlandspakken [01.05.13 17:06]
- To bilar i smell ved Mastrevik torg [01.05.13 08:47]
- Brennpunkt frå Fedje om U864 [29.04.13 15:49]
- Knuffing på Lindås [30.04.13 14:11]
- Utan førarkort i Knarvik [30.04.13 14:37]
- Båt stolen på Radøy [29.04.13 14:02]
- Skiklubben står for ekstremløp [26.04.13 15:36]
- Hugs fristen for sjølvmeldinga [26.04.13 13:38]
- Sitkadugnad i Austrheim [26.04.13 13:34]
Mest lest
- Ayla måtte avlivast [19.05.13 21:46]
- Nordhordlending funnen død på danskebåten [23.04.13 01:30]
- Kontrollutvalet vil gå til politiet, kommunen ut med pressemelding [01.05.13 17:33]
- Trippelsmell i Isdalstø [13.05.13 15:50]
- Diskusjon om million-utbetalingar bak lukka dører i Austrheim [01.05.13 17:32]
- Snøtrøbbel i trafikken [03.05.13 13:49]
- Tog og is uansett ver og vind [17.05.13 12:17]
- Kai på plass i rekordfart [08.05.13 19:28]
- Sakna seglbåt sett i Nordhordland [04.05.13 10:26]
- Tvil om habiliteten til rådmannen i dobbeltutbetaling [07.05.13 18:16]
- Konkurrerte i mekking [24.04.13 10:28]
- Støyande russefrukost [08.05.13 10:07]
- Brennpunkt om U864-utgreiinga [01.05.13 08:50]
- Kurt Nilsen til Kraftspela [11.05.13 18:26]
- Hus totalskadd i brann [11.05.13 18:17]
- Fekk eit gudsord med på turen [09.05.13 19:28]
- Bondeknølar og byfolk [04.05.13 22:29]
- Nysnøkaos på 1. mai [02.05.13 15:36]
- Mongstad evakuert [07.05.13 14:07]
- Ny aktør på vegvedlikehald [01.05.13 17:10]
Mest tipset
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Fekk 97 sider dialektord til jul [10.01.11 13:15]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]




