Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Folkehøgskulen får fleire elevar

Del | |
Rektor Geir Rydland ved Manger folkehølgskule kan gleda seg over auke i elevtalet. Skulen har fått 47 elevar dette skuleåret mot 41 elevar førre skuleår. Auken er positiv, men målet er å nærma seg 60 elevar, seier Rydland. Drifta går i balanse trass kutt frå fylkeskommunen.
Av
Publisert 21.10.05 00:00
Endret 20.08.07 10:48

Manger folkehøgskule har som kjent fått kraftige kutt i tilskota frå Hordaland Fylkeskommune. Tilskota er trappa ned frå 2,3 millionar kroner i 2004 til 1,3 millionar kroner i 2005. Tilskotet skal ytterlegare halverast i 2006. Rydland seier dei skal klara å få rekneskapen i år i balanse. Det klarar dei gjennom å kutta i underkant av eit årsverk og å gjera ting på ein annan måte. Motedesignlinja er nedlagt, men dei har i staden oppretta ei linje for folkedans.

? Kva skjer etter 2006?
? Det veit me ikkje. Vedtaket i fylkeskommunen gjeld berre til og med neste år. Men me har i alle fall god tid på oss, sidan me lenge har visst kva me får i 2006, seier Rydland.

 

Fire frå utlandet
Den nye folkedanslinja har sju elevar. På lydstudiolinja går det 17 elevar. På musikklinja går det 22 elevar ? alle brass-folk utanom ein fløytist. I år er det berre ein av elevane som kjem frå Nordhordland. Dette varierer veldig år for år. I fjor kom 6 ? 7 av elevane frå Nordhordland, seier Rydland.

Elevane kjem frå heile Noreg. I tillegg er det to danskar, ei frå Orkenøyane og ei frå Russland. Ein del elevar på musikklinja spelar i ulike lokale brass band på fritida. Ei linje i folkemusikk kom ikkje i gang på grunn av for få søkjarar.

 

Kurs på sommaren
For å auka inntektene arbeider folkehøgskulen med å utvida kursverksemda på sommaren, blant anna er leirskuletilbod noko som vert vurdert. Dei kan og utnytta kompetansen på folkedanslinja til å gje kurs.
? For nokre tiår sidan var det mange i Nordhordland som ikkje visste kva eit brass band var for noko. Manger Folkehøgskule har vore sentral i det positive som har skjedd i korpsrørsla i regionen. Kanskje me på same måte kan medverka til eit tilsvarande løft for folkedans, håpar rektoren.

 

 

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt