Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

For få born til ny barnehage

Del | |
MELAND: Søkjartalet til nye Grasdal barnehage er så lågt at bygginga kan verta utsett eitt år. I verste fall vert heile prosjektet skrinlagt.
Publisert 21.03.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Det er søkt om plass til tjue born i barnehagen som skal byggjast på Moldekleiv. Det er altfor lite for ein barnehage som skal romma kring 75 heile plassar.
? Me må ha ei dekning på kring femti prosent om me skal byggja, seier prosjektleiar Jarle Nilsen i Barnebygg AS, firmaet som skal byggja barnehagen.
Det inneber at Barnebygg vil ha 40-45 born på lista dersom dei skal byggja, ettersom ein del berre vil ha deltidsplass. Og det hastar å få tak i fleire born.
? Det er planlagt byggjestart i slutten av april. Då må me vera oppe i kring femti prosent, seier Nilsen.

Utsett
Bygginga av barnehagen på fire avdelingar kan verta utsett eitt år dersom for få melder si interesse i løpet av dei næraste vekene. Og i verste fall gjev Barnebygg AS opp heile prosjektet.
? No er det ganske gunstig å byggja barnehage, med investeringstilskot og momskompensasjon. Me veit ikkje om desse ordningane kjem til å gjelda også i 2007. Dersom ordningane fell bort, kan det verta håplaust å byggja barnehage, seier han.
Meland kommunestyre gav nyleg Barnebygg AS løyve til å byggja barnehage på Moldekleiv, i konkurranse med fleire andre utbyggjarar. Firmaet skal driva barnehagen sjølv, og må ha ein del born for å sikra økonomien i prosjektet.
? Dersom me kjem opp mot femti prosent før byggjestart, skal det gå greitt. Me veit av erfaring at det alltid kjem ein del til når bygginga har starta og når barnehagen opnar. Me kan driva det første året utan at barnehagen er full, seier Nilsen.

Mindre
? Kan det verta aktuelt å byggja ein mindre barnehage?
? Det kan me vurdera, til dømes ein med tre avdelingar og plass til 55-60 born. Men grunnregelen er at dess større barnehagane er, dess tryggare vert økonomien, seier Jarle Nilsen til Strilen.
For å få fleire til å søkja om plass i nye Grasdal barnehage, vil Barnebygg den næraste tida gå ut med fleire annonser om tilbodet. Dei prøver og å trekkja til seg folk frå andre kommunar. Tanken er at familiar både i Knarvik og omegn og i Åsane kan nytta barnehagen på Grasdal.

? Plass til dei fleste
Meland kjem truleg til å ha plass til dei fleste som vil ha barnehageplass frå hausten av. Det fortel kommunalsjef Stein Flataker.
? Me har 75 ledige heile plassar, og har fått inn 105 søkjarar. Men fleire av søkjarane vil ha deltidsplass. Det er dessutan alltid nokre som trekkjer søknaden, så eg trur ikkje det er mange som vert utan plass, seier han.
Dei som eventuelt vert utan plass, kan få tilbod om plass på nye Grasdal barnehage. Spørsmålet er om dette vert mange nok til at det sikrar at det vert bygt ny barnehage der.
? På bakgrunn av situasjonen når det gjeld Grasdal, må me kanskje utsetja opptaksmøtet, seier Flataker.
Den noverande Grasdal barnehage har fjorten heile plassar. Barnehagen tilfredsstiller ikkje helsemessige krav, og driv på dispensasjon frå kommunen. Det kan koma på tale å forlenga denne dispensasjonen.
? Dersom det vert for få søkjarar til at det vert bygt ny barnehage, må me vurdera kva me skal gjera med den noverande barnehagen, seier han.
Kommunen ønskjer seg no fleire born til det planlagde nybygget.
? Behovet kan auka med tida, det er veldig mange planar om bustadbygging her, seier Stein Flataker til Strilen.
Kullet med seksåringar som no går ut av barnehagane i Meland, er større enn tilveksten. Av dei tjue som søkjer om plass i nybygget på Moldekleiv, har elleve i dag plass i noverande Grasdal barnehage.
Av di nokon skal ha deltidsplass, tilsvarar dei tjue søkjarane truleg 16-17 heildagsplassar. Det er mindre enn halvparten av det Barnebygg AS treng for å setja i gang bygginga.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt