Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 
«For strengt å riva alt»

«For strengt å riva alt»

Del | |

LINDÅS: Fylkesmannen er mindre streng enn politikarane i Lindås. Dei ville jamna eit hytteanlegg til mange millionar med jorda.

Publisert 17.10.11 16:41
Endret 17.10.11 16:41

Den opphavelege hytta og kaien frå 1969 får stå. To anneks og ei flytebryggje må rivast.

Det er den endelege dommen frå Fylkesmannen, som ikkje kan ankast vidare.

Dersom eigarane ikkje godtek avgjerda, må dei anten gå til rettssak mot Lindås kommune eller prøva Sivilombodsmannen. Han kontrollerer forvaltninga og kan ta opp saker der folk vert utsette for feil behandling.

Ikkje sikker
Fylkesmannen meinte at ein ikkje kunne vera sikker på at hytta frå 1969 og kaia i si tid var ulovleg oppført.

Kommunen sine arkiv var ufullstendige for kva løyve som hadde vore gitt, går det fram av Fylkesmannen si oppsummering.

Kommunen gav i 1969 dispensasjon frå byggjeforbodet i dågjeldande strandlov for oppføring av hytta. Dette vedtaket vart påklaga, men ingen veit kva for utfall klagen fekk.

Kaien trengte ikkje dispensasjon frå strandlova. Det var elles uklårt om det i si tid vart søkt om byggjeløyve for hytta og sendt byggjemelding for kaien.

Ikkje følgd opp
Lindås kommue får og kritikk for manglande oppfølging.

Fylkesmannen peikar elles på at kommunen hadde vore klar over at det vart utført byggjearbeid på tomta.  Arbeidet var likevel ikkje følgd opp i medhald av det kontroll- og oppfølgingsansvaret kommunen hadde etter den gamle bygningslova av 1965.

Det var no gått kring 40 år sidan hytta vart ført opp, og eigedomen hadde også skifta eigar. På denne bakgrunnen meinte Fylkesmannen at det låg føre «særlige grunner» for å gi dispensasjon frå byggjeforbodet og LNF-føremålet i kommuneplanen sin arealdel no.

Les meir i papirutgåva av Strilen 18. oktober.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt