Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 
– Forseinkinga skuldast snø og ekstra arbeid

– Forseinkinga skuldast snø og ekstra arbeid

Del | |

MELAND: – Forsein­kingane på veganlegget mellom Mjåtveit og Dalstø skuldast frost og ­ekstra arbeid med ­kabelanlegg, seier Statens vegvesen.

Publisert 01.09.11 12:23
Endret 01.09.11 12:23

Sist torsdag skreiv Strilen at Meland kommune er misfornøgd med framdrifta på anleggsarbeidet på strekninga mellom Mjåtveit-Dalstø. På eit formannskapsmøte gjorde ordførar Nils Marton Aadland det klart at han ikkje synest noko om at opninga er utsett til 18. oktober. Men i Statens vegvesen kjenner dei seg ikkje heilt att i det bildet politikarane teikna av vegarbeidet.

To tøffe vintrar
 – Me såg oppslaget i avisa og vil gjerne koma med ei forklaring. Ting er ikkje så enkelt som det folk trur, seier prosjektleiar i Statens vegvesen, Arnljot Jordal.

Han peikar på fleire forhold som har gjort arbeidet vanskelegare enn planlagt.

– I løpet av den tida anleggsarbeidet har pågått, har me hatt to uvanleg harde vintrar. På grunn av frost har ein ikkje kunna avdekka vassrøyr og avløp. Desse kan frysa og dei vanskelege vintrane har ført til om lag to månadar lengre anleggsperiode. I tillegg har det kome til ting undervegs som ikkje var med i prosjektet frå starten av. Det krev også meir tid, seier Jordal.

Både arbeid med høgspent kabelanlegg for BKK og løysingar i samband med bussterminalen på Mjåtveit er lagt til prosjektet i den seinare tid.

– Når det kjem til endringar i den siste fasen av arbeidet, så vil det føra til forseinkingar, seier Jordal.

6-10 mann i arbeid
Prosjektleiaren fortel at det normalt har vore 6-10 mann i arbeid på anlegget.

– Dei har jobba jamt og trutt. I nokre periodar har det vorte litt venting, men då har me omdisponert folk til andre stader på anlegget. Alle har ikkje vore like synlege heile tida, men eg kan forsikra om at dei har jobba, seier Jordal.

Han er samd i at den midlertidige løysinga som er valt i krysset på Mjåtveit ikkje er ideell, men seier at den løysinga som er på staden no, skal vera til-strekkeleg.

– Det er i utgangspunktet også eit komplisert og trafikkfarleg kryss. Det har vore trafikkfarleg i 25 år, og eg trur ikkje det er farlegare no enn før. Me har lagt vekt på å merka det så godt som muleg og sett ned fartsgrensa. Dersom folk kjører roleg, skal dette gå bra, seier han.

Fleire busstopp og meir asfalt
I desse dagar jobbar mannskapa med sikring av ei skråning på Dalstø. Det skal også byggjast seks busstopp og ei rundkjøring på Mjåtveit.

– Og så skal me ha på fleire lag med asfalt både på gang – og sykkelstien og på vegen elles. Me skal ha to lag til, så det skal bli veldig bra til slutt, seier Jordal, som gler seg til opninga i oktober.

– Det er lagt ned veldig mykje arbeid her, som eg trur folk skal få god nytte av i åra framover, seier prosjektleiaren i Statens vegvesen. 


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt