Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Første skjering på fastlandssambandet

Del | |
GULEN: Første skjeringa på fastlandssambandet til ytre Gulen tek form. Men enno går det over to år før bilane begynnar å rulla på vegen.
Publisert 17.08.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Fivelsdal er ikkje så stille og fredleg som bygda lenge har vore. Det durar av boremaskiner, dundrar av sprengingar og skramlar av stor gravemaskiner som flytter digre steinar. Arbeidet med fastlandsambandet til ytre Gulen er i gang.
Fem-seks mann frå Birkeland Entreprenørforretning i Sløvåg er i full sving med å sprengja ut ei høg skjering. I vel ei veke har dei arbeidd på det nye fastlandssambandet over Brandangersundet.
? Me kjem til å ha fleire folk her etter kvart, fortel Helge Birkeland til Strilen.

Begge sider
Birkeland Entreprenørforretning har fått anbodet på å byggja veg frå Fivelsdal og ut til brufestet på fastlandssida. Det omfattar også ei fylling i sjø.
Same firma skal også byggja vegen frå brufestet og eit stykke inn på land Sandøy. Dette vil til dels pågå samstundes.
Birkeland Entreprenørforretning har frist til våren med å vera ferdig med sin del av arbeidet.

To år fram
På grunn av løyvingane frå fylkeskommunen er framdriftsplanen for sambandet ganske lang, og veg og bru skal ikkje opnast før rundt jul i 2008.
? Ved juletider vil anboda for vegen frå Sløvåg og vegen frå Ånneland til brufestet på Sandøy verta utlyst, seier prosjektleiar Aril Hanekamhaug i Statens vegvesen til Strilen. Om dette vert eitt eller to anbod, er ikkje bestemt. Først neste sommar vil anbodet for brua over Brandangersundet verta utlyst. Den skal monterast sommaren 2008.

Ikkje forseinka
NRK Sogn og Fjordane hadde tysdag eit oppslag om at ein ikkje greidde å bruka opp midlane som var avsette til fylkesvegar i 2006, og at dette kunne ha forseinka fastlandsambandet i Gulen. ? Dette er berre tull. Me vil stort sett bruka opp våre pengar i år. Det er løyvingane for dei neste åra som bestemmer kor fort me kan byggja, seier Hanekamhaug.

Ikkje to køyrebanar
Brua over Brandangersundet skal vera så brei at ein trailer og ein personbil kan passera kvarandre.
? Skulle det vore to fulle køyrebanar, ville brua vorte ti prosent dyrare, og det er det ikkje trafikk til, seier prosjektleiaren.
Når det gjeld budsjettet på 125 millionar kroner, burde det halda.
? Det einaste som kan sprengja det, er at tidene for entreprenørane er så gode at det vil pressa opp prisane, seier han.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt